Forskar Reidar Almås ved stiftinga Bygdeforsking kallar det offensivt at regjeringa i Landbruksmeldinga tek til orde for å auke den landbaserte matproduksjonen i takt med etterspurnaden til den aukande befolkninga. Ifølgje Almås manglar meldinga likevel verkemidlane som må til for å få til auken.
- Matproduksjonsauken vil jo krevje store nye investeringar eller tiltak på inntektssida. Ut frå meldinga å døme, skal investeringsstøtta auke, men det skal takast over jordbruksavtalen, slik at det vert teke av inntekta. Utan ein stor investeringspakke eller auke i inntektsramma kjem ikkje dette til å gå i hop, seier Almås.
- Skuffande utan nye grep
Ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) kjem folketalet i Noreg til å auke med 20 prosent i løpet av dei neste 20 åra.
- Å auke produksjonen med 20 prosent er ein flott lovnad, men kan ikkje oppfyllast utan friske pengar, seier Almås.
Almås er skuffa over at regjeringa heller ikkje har føreslege andre nye grep på verkemiddelsida.
- Eg veit jo at dei har diskutert eit forslag om å gje bøndene ei grunnløyving basert på visse kriterium og at dei også har vurdert andre framlegg som ville gje inntekt direkte til bonden utan at det forsvinn på vegen gjennom dei ulike ledda i matvarekjeda. Det er skuffande at dei ikkje vågar å løfte politikken over i nye spor, seier han.
- Vert minst like mykje bråk rundt jordbruksoppgjerda
Almås seier det er Senterpartiet si line som vunne fram når regjeringa har gått for å auke matproduksjonen tilsvarande den venta folketalsauken.
- Ap var i utgangspunktet imot det, for det kjem til å vere uhyre krevjande. Matproduksjonen har vore rimeleg konstant dei siste åra, og det meste av forbruksauken har vorte dekt opp for ved å auke importen. Den trenden vert det vanskeleg å bryte.
Formuleringane i Landbruksmeldinga om inntektsutvikling, ser han derimot tydeleg Ap-stempel på.
Regjeringa skriv at ho "vil sikre utøverne i landbruket en inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper" og
"videreutvikle inntekts- og velferdspolitikken i landbruket med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005".
- Det inneber at bøndene kjem til å ta innpå andre grupper prosentmessig, men at det kronemessig framleis kjem til å vere avstand. Her har Ap og Finansdepartementet vunne kampen. Det var så langt det var mogleg å kome. Det er ikkje noko å heise flagget for, og det vert minst like mykje bråk rundt jordbruksoppgjerda som kjem etter dette, seier han.
Les også: Regjeringa lovar bøndene minst same inntektsutvikling som andre grupper.
Trur ikkje omlegging av kulturlandskapstilskot før følgjer
Det har vekt sterke reaksjonar frå fleire hald at regjeringa i Landbruksmeldinga går inn for å fjerne produksjonskravet som er knytt til kulturlandskapstilskotet i landbruksstøtta bør fjernast.
Almås trur ikkje ei avvikling av produksjonskravet i kulturlandskapstilskuddet kjem til å medføre redusert produksjon i praksis.
- Eg klarar ikkje å hisse meg opp over det, og trur ikkje forslaget har effekt. Omlegginga av tilskotet er ei konstatering av situasjonen i dag, der mykje kulturlandskapsareal er i svært dårleg stand.
I staden for at det skal stillast krav om jordbruksproduksjon seier regjeringa gjennom Landbruksmeldinga at det i framtida skal vere nok at areala vert haldne i hevd, anten ved å haustast, beitast eller slåast minst ein gong per vekstsesong. Avviklinga skjer, ifølgje regjeringa, ut frå eit ønskje om å sikre at jordbruksarealet i utsette område vert drive vidare.
Fleire lesarar på nationen.no har mellom anna uttrykt at dei fryktar den føreslegne omlegginga av tilskotet motverkar det overordna målet om å auke matproduksjonen.
- Katastrofeforslag. Avlingsnivået på landsbasis er allereie på veg nedover på grunn av at mange sel kvoten og "produserer" rundballar for sal, skriv ein lesar.
- Dette er ein hån mot jordvern og matvareproduksjon, uttrykkjer ein annan.
Les kommentarane og sei di meining nedst i artikkelen her.
Trur produksjonen kjem til å oppretthaldast
Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag har også uttalt seg kritiske til forslaget. Furuberg fryktar grasarealet kjem til å verte endå mindre brukt som fôr i husdyrproduksjonane om produksjonskravet vert avvikla, medan Bjørke seier det kan gjere det vanskelegare for bønder å skaffe seg leigejord til drifta.
Almås trur produksjonen kjem til å oppretthaldast som i dag.
- Med det føreset eg at det vert kontrollert at jorda vert halden i hevd på den måten regjeringa skisserer. I dag har ikkje landbruksstyresmaktene kapasitet til å sjekke om dei som får tilskot driv etter regelverket, men det går an å kontrollere om areala vert hausta eller beitte ned ein gong i året, seier Almås.
Han seier han ikkje ser det som truleg at mange vil selje kvoten og berre produsere rundballar for sal til dømes.
- Det må verte lønsamt for folk å berre presse rundballar dersom det skal skje, og alle rundballane ein ser rundt omkring i dag tyder på at det ikkje løner seg, seier Almås.











