Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Regjeringa vil ha støtte til beitepussing og fjerne produksjonskravet i kulturlandskapstilskotet for å oppretthalde jordbruksarealet. Her frå Oppland. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Regjeringa vil ha støtte til beitepussing og fjerne produksjonskravet i kulturlandskapstilskotet for å oppretthalde jordbruksarealet. Her frå Oppland. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Vil fjerne produksjonskravet og opne for støtte til beitepussing i Landbruksmeldinga

Regjeringa tek til orde for omstridd omlegging av kulturlandskapstilskotet.

Publisert: 01.12.2011 19:07

Produksjonskravet som er knytt til kulturlandskapstilskotet i landbruksstøtta bør fjernast, meiner regjeringa.

 

Det er etter det Nationen erfarer eit av dei mest kontroversielle forslaga i den nye landbruksmeldinga, som blir lagt fram fredag.

 

Vil fjerne produksjonskravet

Regjeringa tek til orde for er å fjerne produksjonskravet i kulturlandskapstilskotet ut frå eit ønskje om å sikre at jordbruksarealet i utsette område blir drive vidare.

 

- Tradisjonell drift er ikkje nok

Regjeringa meiner at lønsam grasbasert matproduksjon og beiting framleis skal vere hovudverkemiddelet for å bruke grasareala og hindre gjengroing.

 

Likevel ser regjeringa behov for nye tiltak utover tradisjonell jordbruksdrift.

 

For å kunne ivareta utsatte arealer meiner regjeringa at dagens produksjonskrav i kulturlandskapstilskuddet bør avviklast.

 

Nok å slå graset ein gong i året

I staden for at det skal stillast krav om jordbruksproduksjon vil regjeringa at det skal vere tilstrekkeleg at areala blir haldne i hevd, anten ved å haustast, beitast eller slås minst ein gong per vekstsesong.

 

Omstridd "beitepussing"

I jordbruksmiljøet har fjerning av produksjonskravet lenge vore eit omstridd tema, og på folkemunne blir tiltaket omtalt som støtte til "beitepussing" eller som "gartnarstøtte".

 

Forslaget til regjeringa blei også omtalt på Dagsrevyen torsdag kveld.

 

Bondeorganisasjonane fryktar konsekvensane

Der uttalte leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag seg svært kritisk til forslaget, og ho sa at ho fryktar grasarealet vil bli endå mindre brukt som fôr i husdyrproduksjonane.

 

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag sa til Nrk at han frykta forslaget vil føre til at det blir vanskelegare for bønder å skaffe seg leigejord til drifta.

 

Les også: Vil fjerne produksjonskravet og opne for støtte til beitepussing i Landbruksmeldinga

Les også: Regjeringa lovar bøndene minst same inntektsutvikling som andre grupper

Les også: Regjeringa vil oppretthalde dagens sjølvforsyningsgrad

 

Nationen har den siste veka skrive fleire artiklar om innhaldet i den komande landbruksmeldinga, mellom anna basert på lekkasjar frå eit utkast til ny landbruksmeldinga frå i haust.

 

Her er artiklar vi har skrive den siste veka, i kronologisk rekkefølgje med dei nyaste artiklane nederst:

Uendra sjølvforsyning og inntektsvekst i utkast til landbruksmeldinga

Regjeringa vil sikre låge råvareprisar i landbruksmeldinga

Krev sterkare tiltak for vern av matjorda

Odelsretten kan bli innskrenka i den komande landbruksmeldinga

Politikerne trenger samvirke (kommentar frå konstituert politisk redaktør i Nationen)

Norge på nordisk jumboplass i matvareproduksjon frå landbruk

Ei landbruksmelding frå Høgre og Frp ville vore mindre bastant

Landbruksmeldinga kjem fredag

Regjeringa vil oppretthalde dagens sjølvforsyningsgrad

Regjeringa lovar bøndene minst same inntektsutvikling som andre grupper

Vil fjerne produksjonskravet og opne for støtte til beitepussing i Landbruksmeldinga

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT