Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Landbrukspolitiske talspersonar Torgeir Trældal i Frp (til venstre) og Svein Flåtten i Høgre er visse på at Landbruksmeldinga som kjem frå regjeringa er ganske ulik den dei ville ha lagt fram. Foto: Ketil Blom-Haugstulen

Landbrukspolitiske talspersonar Torgeir Trældal i Frp (til venstre) og Svein Flåtten i Høgre er visse på at Landbruksmeldinga som kjem frå regjeringa er ganske ulik den dei ville ha lagt fram. Foto: Ketil Blom-Haugstulen

Ei landbruksmelding frå Høgre og Frp ville vore mindre bastant

- Det er for mange bastante mål for landbrukspolitikken. Vi har målsetjingar om distriktsbusetjing, kulturlandskap, sjølvforsyning, produksjonsomfang og om inntektsnivå, seier Svein Flåtten i Høgre.

Publisert: 01.12.2011 00:02
Fakta
Landbruksmeldinga

• Legg rammene og retninga for landbrukspolitikken dei neste ti åra.

 

• Gjeldande stortingsmelding og landbruks- og matpolitikken vart lagt fram i Stortinget av Bondevik1-regjeringa 19. desember 1999.

 

• I januar 2010 starta arbeidet med meldinga, som skulle vore klar i vår.

 

• Meldinga vil truleg bli lagt fram fredag 2. desember.

- Eg trur vi skal vere meir varsam med å setje eksakte mål, for dei vert meir ei tvangstrøye enn fornuftige, seier landbrukspolitisk talsperson Svein Flåtten i Høgre når han får spørsmål om korleis ei eventuell landbruksmelding frå Høgre og Frp ville ha sett ut.

 

Landbrukspolitisk talsperson Torgeir Trældal i Frp nikkar stadfestande til det Flåtten seier.

 

Fredag legg regjeringa truleg fram den nye landbruksmeldinga. Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) har sagt til Nationen at han er oppteken av å spikre ein offensiv landbrukspolitikk som alternativ til Høgre og Frp.

 

Les også: Frp vil ha tollfri import fra Argentina og Brasil

 

Flåtten og Trældal er ikkje i tvil om at dei ville ha lagt fram ei ganske anna melding enn det regjeringa kjem til å gjere.

 

— Ein har jo ikkje oppnådd dei måla ein har for politikken i dag. Då må vi stille spørsmål ved verkemidla, seier Flåtten.

 

— Vi må gjere noko med det rigide regelverket. I dag er det berre ein prosentdel av bøndene som er heiltidsbønder. Det er ein grunn til det, seier Trældal.

 

Samstemde om endringar

Ifølgje Flåtten og Trældal ville ei eventuell landbruksmelding frå Høgre og Frp mellom anna innebore endringar i eigedomsreguleringane i landbruket, endring i tilskotsordningane, produksjonsavgrensingane og dagens marknadsregulatorordning.

 

— No ser vi jo tydeleg at regulatordelen ikkje fungerer, så den må vi heilt klart sjå på, seier Trældal med tanke på smørmangelen.

 

— Vi er samde om at vi må sjå på regelverket, men vi ønskjer ikkje fullt frislepp, for ting må balanserast. Eg meiner vi treng marknadsregulering, men at det vert feil når det ligg til ein stor aktør i marknaden, seier Flåtten.

 

Les også: Odelsretten kan bli innskrenka i den komande landbruksmeldinga

 

Han held fram at Høgre og Frp også står samla om at tilskotsordningane må rettast meir inn mot å auke produksjonen, og slik at dei verkar sterkast der det ligg best til rette for produksjon. Han påpeikar at han ikkje trur det medfører nedleggingar eller avfolking nokre stader i landet. Det trur heller ikkje Trældal.

 

Vil halde oppe produksjonen

Verken Flåtten eller Trældal ser det likevel som eit spesifikt mål å ha landbruk i heile landet.

 

— Det vert opp til kvar enkelt bonde. Vi skal leggje rammeverket på plass, slik at dei sjølve kan velje om dei vil drive lite eller stort, seier Trældal.

 

— Nei, det er ein type mål som allereie har synt seg å vere svært vanskeleg å oppnå. Vi ser jo ei veldig bruksnedlegging og strukturendring i dag. Eg meiner vi må vere i framkant av utviklinga som kjem til å skje uansett, og styre det med meir fornuftig bruk av pengar, seier Flåtten, som heller ikkje ser det som noko mål å oppretthalde talet på bønder.

 

— Nei, det søkk heile tida, så det er i alle fall ikkje eit mål ein skal ha. Det viktigaste må vere å halde produksjonen oppe, seier han.

 

Les også: Uendra sjølvforsyning og inntektsvekst i utkast til landbruksmeldinga

 

Det trur ikkje Trældal vert noko problem.

 

— Det er berre å sjå til fiskeindustrien, som vart deregulert og som no går så det suser, seier han.

 

— Kor truleg er det å få med andre på denne politikken?

 

— Det er vanskeleg å seie. KrF har til dømes ulik politikk på nokre område, men eg ser at vi står samla om ein del som har med fleksibilitet å gjere, seier Flåtten.

 

— Hareide seier vel det er uaktuelt å kutte i overføringane?

 

— Eg høyrer han seier det, og vi har heller ikkje sagt at det skal vere fyrste posten på eit eventuelt samarbeidsbudsjett, seier Flåtten.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT