Sentralstyremedlem Guri Melby i Venstre reagerer kraftig på signala om at den komande Landbruksmeldinga ikkje kjem til å leggje føringar om avvikling.
- Det er urovekkjande om denne bransjen får halde fram når det er politisk fleirtal for styrt avvikling, seier ho.
Melby varslar pelsdyrmotstand mot regjeringa i Stortinget.
- Dersom det ikkje står noko om avvikling av pelsdyroppdrett i Landbruksmeldinga, kjem vi til å bruke Stortinget til å ta opp saka, seier Melby.
Les også: AUF trur avvikling av pelsdyrnæringa berre er eit spørsmål om tid
Ho syner til at Venstre også tidlegare har fremja debatt om pelsdyrnæringa i Stortinget, og ser tida som overmoden til å gjere det igjen.
- Etter at Ap har gått inn for avvikling, så har vi ein heilt ny situasjon. Heilt fram til i vår har det vore fleirtal i regjeringa for å vidareføre næringa. No er det ikkje det, seier Melby.
Melby seier pelsdyrbransjen har brukt sjansane sine.
- Bransjen har brote avtalen som landbruksminister Lars Sponheim og eit samla Storting inngjekk med bransjen i 2003 om at det skulle skje vesentlege avlsmessige betringar i løpet av ein tiårsperiode. Dei siste tre åra har det vore avdekt ulovlege forhold innan pelsdyrnæringa fleire gonger. Det er dokumentert både frå Mattilsynet og frå dyrevernarar og har gjort det klart at pelsdyrnæringa ikkje kjem til å nå målet som Stortinget sette i 2003, seier Melby.












