Landbruksmeldinga legg ikkje føringar om avvikling av pelsdyrnæringa, trass i at både SV og Ap har gjort vedtak om det.
Dermed ligg det an til at det er Senterpartiet si line om å late pelsdyroppdretten halde fram som vert vidareført frå regjeringa.
—Sp kjem ikkje til å leggje fram ei landbruksmelding som legg ned pelsdyrnæringa, stadfestar næringspolitisk talsperson Irene Lange Nordahl i Sp.
Regjeringa er no i innspurten av arbeidet med Landbruksmeldinga. Meldinga vert truleg lagt fram 25. november.
Kor vidt ei eventuell avvikling av næringa kjem opp i regjeringa på eit seinare tidspunkt, er så vidt Nationen kjenner til ikkje avklart.
—Må halde fram kampen
Dei tre regjeringspartia har ulike tilnærmingar til pelsdyrnæringa. SV har lenge vore imot næringa, og etter at Ap-landsmøtet i april i år gjekk inn for ei styrt avvikling av pelsdyroppdretten, vart det skapt store forventningar blant pelsdyrmotstandarane om at regjeringa skulle leggje fram ein plan for avvikling.
I samband med helgas fakkeltog og demonstrasjonar mot pelsdyr, sa SVs leiarkandidat Heikki Holmås at han venta signal om avvikling i den komande landbruksmeldinga.
Partikollega Alf Holmelid, som representerer SV i næringskomiteen på Stortinget, er mindre optimistisk i formuleringane.
—Pelsdyrstandpunktet vårt er viktig, men eg trur nok vi må halde fram kampen utover meldinga, seier Holmelid, som ikkje vil verken stadfeste eller avkrefte enkeltsaker i meldinga før ho ligg føre.
—Krev prosess i framkant
Næringspolitisk talsperson Terje Lien Aasland i Ap vil heller ikkje kommentere innhald i Landbruksmeldinga, men han seier han ser det som lite truleg at pelsdyrnæringa får stor omtale.
—Vedtaket om styrt avvikling legg føringar om at det må vere ein prosess i framkant. Det å vere for konkret om framtida for pelsdyrnæringa i Noreg i Landbruksmeldinga no, er difor lite truleg, seier han.
Aasland understrekar at Aps landsmøtevedtak om avvikling er viktig, men vil ikkje seie meir om korleis han vurderer forholda for pelsdyrnæringa framover før Landbruksmeldinga er lagt fram.
Lange Nordahl i Sp seier ho er oppteken av å leggje til rette for vidare pelsdyrdrift, og at Sp skal følgje opp forholda for næringa framover.
Ser ikkje saka som avgjort
Arne L. Haugen, som også representerer Ap i næringskomiteen på Stortinget, seier det er openbert at situasjonen for pelsdyrnæringa vert drøfta i meldinga.
Nestleiar Heikki Holmås i SV gjer det klart at han ikkje ser kampen mot pelsdyrnæringa som avgjort.
Til opplysningane frå Nationen om at Landbruksmeldinga ikkje legg føringar om avvikling av pelsdyrnæringa, syner han til vedtaka frå Ap og SV.
—Eg vil ikkje kommentere meldinga før ho blir lagt fram, men både SV og Ap ønskjer ei avvikling, seier Holmås.
—På nokon område må vi vere opne for å ta ein breiare diskusjon. Eg meiner det er ryddigare overfor næringa om nedleggingsvedtaket kjem så tidleg som mogleg, seier Holmås.
Han seier samstundes at han er innstilt på at næringa skal få gode omstillingsordningar under ei avvikling.
Lovnader om omstillingsmidlar for etablering av ny landbruksverksemd i avviklingsperioden, står også sentralt i Ap sitt landsmøtevedtak om styrt avvikling av næringa.
Fleire distriktskommunar sluttar seg til eit nytt opprop til støtte for pelsdyrnæringa. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen, som kan kjøpast her.












