Berre 34 prosent seier dei vil kjøpe dieselbil, viser ei fersk undersøking Sentio har utført for Nationen.
Meiningsmålinga er utført etter at regjeringa forslo ei dieselavgift spesielt retta mot utslepp av nitrogenoksid i statsbudsjettet for neste år, og signaliserte mindre gunstige vilkår for dieselbilar.
Fem år tidlegare kom den same regjeringa med forslag som stimulerte til kraftig auke i dieselbilsalet.
Tilbake til 2006-nivå
— Før 2007 hadde diesel om lag halvparten av marknaden, men etter endringane auka den nesten umiddelbart til 75 prosent. Målinga tyder på at vi kan vere på veg tilbake til 2006-nivået, seier Stig Morten Nilsen, administrerande direktør i Norges Bilbransjeforbund.
Han representer 1100 bedrifter i bilbransjen, som ifølgje Nilsen «bit naglar før kvar einaste framlegging av statsbudsjettet».
— Eg er svært kritisk til den manglande føreseielegheit regjeringa står for gjennom avgiftssystemet, seier Nilsen.
Lita endring, stor verknad
— Undersøkinga viser at forbrukarane reagerer kjapt på signal frå regjeringa. Små endringar i avgiftssystemet gir store utslag for kva val forbrukarane gjer, seier Gøril Andreassen i miljøstiftinga Zero, som er sterkt engasjert i arbeidet for å få opp andelen hybrid- og elbilar.
Andreassen viser til at undersøkinga tyder på god interesse for bilar med låge utslepp, og minner om at små endringar kan gi store utslag.
— Fordelane for nullutsleppsbilar trengst inntil dei er eit like normalt val som ein bensin- eller dieselbil. Zero har foreslått at fordelane bør vare til det er 100.000 nullutsleppsbilar på norske vegar.
Kostbart for bransjen
Nilsen i bilbransjeforeininga forklarer korleis usikre rammevilkår skaper vanskar for bilbransjen.
— Regjeringa sin uføreseielege politikk gjer oss til dårlege rådgivarar overfor kundane, fordi vi ikkje veit kva vi skal seie til dei. Bilkjøp er inga lita avgjerd, seier han.
Les også: Solheim: - EUs feil at dieselbil blir dyrere
Samstundes kan bilforhandlarane bli sitjande att med tusenvis av dieselbilar, som ingen vil ha. Det kan gi bransjen store kostnader.
— Bilane tingast frå fabrikkane fleire månader i førevegen, for å vere sikra tilgang. Med signal om endra vilkår for dieselbilane, kan forhandlarane anten måtte sitje på bilane, med lagerkostnader og verditap, eller selje dei til låg pris.
Les meir om denne saka i eavisa til Nationen 9. november. Ho kan kjøpast her.











