— Det er hyggjeleg å få stadfesta at aktiviteten til Turistforeininga genererer både verdiskaping lokalt og større aktivitet. Vi har alltid lagt vekt på at verksemda i fjellet i størst mogleg grad skal ha lokal forankring. Turistforeininga er heilt avhengige av godt samarbeid med lokalmiljø og bygdesamfunn, seier dagleg leiar Kjell Helle-Olsen i Stavanger Turistforening på nettsidene til Turistforeininga.
Det er Østlandsforskning som på oppdrag av Rogaland fylkeskommune står bak undersøkinga. Undersøkinga omfattar totalt 18 kommunar i områda Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei.
Eitt av måla med undersøkinga har vore å finna ut kor mykje aktiviteten til Turistforeininga betyr for desse områda, som er prega av svak næringsutvikling og fråflytting. Opplysningane skal i neste omgang brukast av Miljøverndepartementet til å laga ein plan for korleis områda skal brukast i framtida med tanke på bruk og vern.
Les også: Numedalsbanen lokker turister
Les også: Sverige hiv seg med på nordlysturismen
Les også: Stor interesse for historiske hotell
Dei største inntektene kjem frå dei betente DNT-hyttene. Løn til lokale tilsette og lokale innkjøp til hyttene utgjer kvar år 20— 22 millionar, medan fellesturar, kurs og arrangement gjev inntekter på 1 — 1,5 millionar kroner.
Aktiviteten til Turistforeininga fører også ringverknader for andre, til dømes for nærbutikken og andre overnattingstilbod. Til saman meiner forskarane at ringverknadene er på 8— 10 millionar kroner i året. (©NPK)












