Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa på landsmøte i Småbrukarlaget lørdag at det kan gå ut over legitimiteten til det norske landbruket om bøndene ikkje klarer levere det forbrukarane vil ha. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa på landsmøte i Småbrukarlaget lørdag at det kan gå ut over legitimiteten til det norske landbruket om bøndene ikkje klarer levere det forbrukarane vil ha. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Brekk: - Bønder må levere det forbrukarane vil ha

Landbruket vil tape både arbeidsplassar og legitimitet viss kraftfôrprisen blir auka vesentleg, sa landbruksministeren på landsmøte i Småbrukarlaget.

Publisert: 05.11.2011 14:57
Kart

Som venta vart det debatt om kraftfôrprisar og import av råvarer til kraftfôr på landsmøte i Småbrukarlaget på Hamar i helga.

 

Vil vri forbruk, auke kraftfôrprisen og bruke meir gras

Landsmøteutsendingar på rekkje og rad tok til orde for å auke kraftfôrprisen for å gjere bruk av gras- og beiteressursar meir konkurransedyktig, og for å vri forbruket til meir kjøtt frå drøvtyggjarar.

 

Også leiar Merete Furuberg tok opp problemstillinga med import av kraftfôrråvarer i landsmøtetalen.

 

Brekk: - Får ikkje i pose og sekk

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa at kraftfôrdebatten er viktig, men at det er viktig å finne den rette balansen.

 

- Vi skal balansere kryssande interesser, men det er ikkje mogleg å få i både pose og sekk, sa Brekk.

 

Fryktar for legitimiteten til landbrukspolitikken

Han sa at det er avgjerande for landbruket å levere det forbrukarane vil ha.

 

- Vi er heilt avhengig av å ha eit godt forhold til forbrukarane. Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerken. Og viss ikkje norsk landbruk leverer det forbrukarane etterspør, kva trur de at det vil ha å seie for legitimiteten til jordbruket og tollvernet? Den løysinga går ikkje mine kjære venner, sa Brekk til landsmøteutsendingane.

 

 

- Betre å produsere kjøttet i Norge

Landbruksministeren sa at vridinga i kjøttforbruket er ein konsekvens av endra matvaner, og at det er betre at den kraftfôrkrevjande kjøttproduksjonen skjer i Norge enn i utlandet.

 

- Eg meiner det er openbart betre at produksjonen skjer innanfor trygge og gode rammer med norske krav til dyrevelferd, noko som også fører til innanlandsk sysselsetjing og arbeidsplassar, enn at produksjonen skjer i utlandet, sa Brekk.

 

 

Kan gi redusert sal

Brekk sa også at om ein aukar kraftfôrprisen, så vil anten det føre til at bønder blir endå meir avhengige av budsjettstøtte eller at ein må prøve å auke matprisane.

 

- Skal ein ta det ut i marknaden, så kan dyrare mjølk føre til at fleire kjøper juice eller brus i staden. Dermed blir totalmarknaden for mjølk mindre og produksjonen vil måtte gå ned, sa Brekk og åtvara mot å auke kostnadsnivået i landbruket.

 

- Gløymer marknaden

Brekk sa at det er uansvarleg om ein ikkje tek omsyn til marknaden.

 

- Det verkar som om enklete gløymer at vi sel maten på ein marknad, sa Brekk.

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER