- Totalsvinnet vårt i år er på mellom ti tusen og elleve tusen stikker, seier driftssjef Magne Fjeldheim til oppdalingen.no
Nokre av stikkene blir knekt, andre brøyta ned. Dei andre som blir borte reknar han med er utsett for herverk, eller stolne.
Mesta-stikkene er lette å kjenne att, og på tur i regionen har Fjeldheim lagt merke til at det står Mesta-stikker i mange hyttefelt.
Men sidan det har hendt at hytteeigarar har kjøpt brøytestikker hos Mesta, vil han ikkje utan vidare seie at alle Mesta-stikkene på private vegar er stolne.
At brøytestikkene blir borte er eit alvorleg problem for trafikktryggleiken, og medfører også ein ekstrakostnad for Mesta.
— Når snøen ryk og fyk må brøytebilsjåførane ha noko å sjå etter, manglar stikkene, kan dei køyre av vegen, seier Fjeldheim og oppmodar private til å kjøpe stikker, ikkje stele dei.












