Kåringa av Årets unge bonde nærmar seg.
31.oktober går fristen ut for å sende inn forslag, men alt ei veke før siste frist møttest juryen for fyrste gong.
Les også: Snart 100 nominerte til Årets unge bonde
Les også: Nettstaden gardsbruk.no hjelper unge å finne gard
- Me har fått inn 180 forslag, og heile 146 av dei er unike, seier jurymedlem og generalsekretær i Norges bygdeungdomslag (NBU) Årstein Skjæveland.
Flest frå Austlandet
Han seier dei har fått inn forslag frå heile landet og alle fylke er representert.
- Det er 50 fleire forslag enn i fjor. Det er me veldig godt nøgd med, seier han.
Det er flest kandidatar frå austlandsområdet.
- Oppland og Hedmark er dei fylka med flest kandidatar. Dei kjempar om fylkestittelen. Elles er det gledeleg at me har fått nesten 20 forslag frå Nord-Noreg. Det er veldig tøft med tanke på dei utfordringane dei har knytt til landbruket i nord, seier han.
Les også: Årets unge bonde opplever Barcelona
Skjæveland seier dei kvinnelege bøndene er godt representert.
- Me har fått inn forslag om 40 jenter.
- Må vere engasjert
Kåringa er eit samarbeid mellom McDonald's Norge, NBU og Nationen. Juryformann er Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk, men han kunne ikkje vere til stade under fyrste jurymøte. I staden var politisk rådgjevar Ane Hansdotter Kiamul med på møtet.
- Eg meiner me må sjå etter kandidatar som har ein kjærleik til yrket, men også er klar over breidda i landbruket. Kandidaten må ha gjort noko for å utvikle landbruket og ta det eit steg vidare, gjerne gjennom nye typar produksjon. Det bør vere utgangspunktet vårt når me ser etter aktuelle kandidatar, seier Kimsul.
- Eg er oppteken av at kandidatane me ser etter skal vere engasjerte i lokalmiljøet. Dei bør vere involverte og aktive i bygda, seier Margaret Brusletto, jurymedlem og kommunikasjonsdirektør i McDonald's.
Les også: Årets unge bonde blir politikar
- Kandidaten må ha god forankring lokalt. Vedkommande bør ha tru på ei framtid i landbruket og sjå framover, seier Mari Velsand, jurymedlem og sjefredaktør i Nationen.
Juryen skal plukke ut ti kandidatar, før dei vel ut dei tre beste og rangerer dei. Vinnaren vert gjort kjent 16.november under eit arrangement i Studentsamfunnet i Ås.
Her kan du melde på din kandidat.












