- Partane i matbransjen  må setje seg ned og prate med kvarandre, seier den svenske EU-parlamentarikaren Anna Maria Corazza Bildt. Foto: Hilde Lysengen Havro

- Partane i matbransjen må setje seg ned og prate med kvarandre, seier den svenske EU-parlamentarikaren Anna Maria Corazza Bildt. Foto: Hilde Lysengen Havro

EUs matmakt-ekspert oppmodar norske mataktørar til å snakke saman

Svensk EU-parlamentarikar har granska matmakt.

Publisert: 20.10.2011 12:43

 

- Partane må setje seg ned og prate med kvarandre.

 

Dette klare rådet til daglegvarekjedene og leverandørane kjem frå den svenske EU-parlamentarikaren Anna Maria Corazza Bildt.

 

Ho representerer Moderatarna, og leia arbeidet med «Bildt-rapporten» til EU-parlamentet om ein meir effektiv og rettferdig detaljhandel i Europa.

 

- Her kan paraplyorganisasjonane spela ei rolle. Dei må ta ansvar for å setje seg ned, samtale med kvarandre, og finne ein måte å løyse problema i verdikjeda for mat, seier Bildt.

 

I dag arrangerer Dagligvareleverandørenes Foreining (DLF) det årlege haustmøtet. Representantar for næringsmiddelindustri, leverandørar av daglegvarer og daglegvarekjedene er til stade på møtet. Det store temaet i år er Matkjedeutvalet sin rapport, som kom i april.

 

Rapporten syner at daglegvarebransjen har uforholdsvismessig stor makt.


- Det var eit problem i fleire europeisk land at konsentrasjonen på detaljleddet var høg. Me ville sjå på kva dette førte til for matprisane, vareutvalet og tilgangen leverandørar har til butikkane, seier Bildt.

 

Indirekte subsidiering

Problema Bildt skisserer er ikkje ukjende for dei som har følgd matmaktdebatten i Noreg. Små leverandørar har vanskar med å få tilgang til butikkane, kjedene vil ha standardkontraktar som det er vankeleg å tilpasse den enkelte leverandør, leverandørane blir avkrevd betaling av hylleplass og marknadsføringstiltak.

 

- Noko av støtta som leverandørane har vorte bedne om å betale, ser me på som indirekte subsidiering. Dette er ikkje drive fram av forbrukarane, men av daglegvarekjedene, seier Bildt.

 

Ho seier komiteen ho leidde har bede EU-kommisjonen om å sjå på kva EU-landa gjer på nasjonalt nivå.

 

- I fyrste omgang er det ikkje EU-kommisjonen som skal setje i verk tiltak, men medlemslanda. Me vil ha oversyn over kva som fungerer og ikkje i land som har innført tiltak retta mot daglegvarebransjen, seier Bildt.

 

Bildt vil ha større gjennomsiktigheit i bransjen. I tillegg må det bli lettare for små leverandørar å få varene inn i butikkane. I arbeidet i kommiteen opplevde dei det også som eit problem at leverandørar ikkje ønskte å stå fram av di dei var redde for represaliar.

 

- Dette var noko me opplevde også hjå store leverandørar. Dei kjenner seg mellom anna pressa av daglegvarekjedene sine kopiprodukt, seier Bildt.

 

Ikkje berre eit spørsmål om pris

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf) la onsdag fram ein rapport, bestilt av daglegvarebransjen, som viser at norske forbrukarar betalar 31 milliardar kroner meir i høgare matprisar enn om prisnivået hadde vore som i Danmark og Sverige.


Bildt åtvarar mot å gjera matmaktdebatten om til eit reint prisspørsmål for forbrukarane.

 

- Forbrukarane ønskjer ikkje berre låge prisar. Dei vil ha verdi for pengane, og kvalitet. Forbrukarane kjøper ofte billig av di dei trur varene, uavhengig av pris, har den same kvaliteten. Dei kjenner ikkje heile biletet, seier Bildt.

 

Har du spørsmål om matbransjen? I morgon fredag klokka 11 svarar Nilf-direktør Ivar Pettersen på dine spørsmål i nettmøte på nationen.no. Send inn spørsmål og kommentarar no!

 

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER