I 2010 importerte Noreg mat og drikke for 24 milliardar kroner. Dette er ein auke på 5,6 prosent frå året før. Frå 1995 til 2010 har matindustrien i Noreg sin del av heimemarknaden gått ned frå 89 til 80 prosent.
Det vart importert landbruksprodukt for 11,4 milliardar i 2010, og importen av jordbruksbaserte drikke- og matvarer har auka med 222 prosent sidan 1995.
Avgjerande importvern
Administrerande direktør i NHO Mat og bio, Gaute Lenvik, seier importvernet er heilt avgjerande for å ta vare på norsk matindustri på same nivå som i dag.
- Om me ikkje har norsk matindustri som foredlar norske varer, vil Noreg på sikt heller ikkje ha matproduksjon, seier Lenvik.
Han seier volumet til foredling vil automatisk bli redusert om importen aukar.
Les meir om denne saka i eavisa til Nationen. Ho kan kjøpast her.
- Redusert volum er reduserte marginar, og redusert inntening vil gje ein industri som blir liggjande etter i konkurranse, innovasjon og produktutvikling, seier Lenvik.
Tredelt importvern
Importvernet er ein sentral del av norsk landbrukspolitikk, og skal mellom anna sikre den norske innalandske produksjonen av kjøtt, ein del meierivarer, nokre kornprodukt,
- Importvernet er delt i tre, seier direktør for Handel og industri i Statens landbruksforvaltning, Jørn Rolfsen.
- For det fyrste er det tollsatsar som skal verne om norsk landbruksproduksjon, og varer som mjølk, kjøtt og korn. Det andre nivået er foredla jordbruksvarer, der tollsatsen skal jamne ut for ulik råvareskilnad mellom Noreg og andre land. Den siste gruppa er varer som ikkje blir produsert i Noreg, som det er låg eller ingen toll på, seier han.
Les også: Handelen meiner Noreg må endre tollpolitikk
Les også: Stortinget vedtek større matimport frå EU
Les også: FN-veteran: - Norsk landbruk er ein del av løysingaLes også: Storstilt import av matkorn
Noreg har oppretta internasjonale handelskvotar som likevel gjer at det kjem inn til dømes ost eller kjøtt til tollsats som er vesentleg lågare enn den ordinære.
- Totalbiletet er at importen har auka frå 12-13 til 40 milliardar. Det skjer ein betydeleg import av landbaserte matvarer til Noreg, seier Rolfsen.












