Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Fylkeslegen i Sogn og Fjordane fryktar at skeivfordelinga av legar mellom distrikt og sentrale strok vil bli endå meir urimeleg om ikkje noko vert gjort. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane fryktar at skeivfordelinga av legar mellom distrikt og sentrale strok vil bli endå meir urimeleg om ikkje noko vert gjort. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Slår alarm om legemangel i distrikta

Norske legar vil ikkje jobbe i distrikta. Legemangelen i Sogn og Fjordane er no så alvorleg at fylkeslegen slår alarm.

Publisert: 10.10.2011 15:30

— Då eg kom til Sogn og Fjordane for mange år sidan var det om lag 10.000 legar i Noreg og det var vanskeleg å få legar til distrikta. No er det blitt over 20.000 legar, men framleis er det vanskeleg, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane Per Stensland til NRK.

 

Stensland meiner at folk i distrikta ikkje bør finne seg i så dårleg legedekning. No fryktar han at skeivfordelinga av legar mellom distrikt og sentrale strok vil bli endå meir urimeleg om ikkje noko vert gjort.

 

— Både kommunane og fylket har ein ugjort jobb. Men vi må også krevje at sentrale styresmakter legg meir til rette for at legetenesta i distrikta skal bli meir stabil og meir føreseieleg, seier Stensland.

 

Les også: Hevder Stoltenberg vil fjerne lokalsykehusene

Les også: Forskerblikk på samhandlingsreformen


Fylkeslegen meiner situasjonen kan bli forverra når samhandlingsreforma trer i kraft frå 1. januar neste, då den vil gi eit auka behov for legar ute i distrikta.

 

Samtidig kan det gå mot at turnustenesta vert avvikla, noko som kan gjere det endå meir vanskeleg å freiste unge legar til å jobbe i distrikta. (©NPK)

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT