Store salsbuer fulle av ferske velduftande appelsinar frå Spania er eit vanleg syn på Sandanga, den store matmarknaden i Senegals hovudstad Dakar. Like vanleg er synet av buer med lokalt produserte mangoar som blir liggjande og spreie ein søt stank av ròte.
Akkurat dette er ein av nøklane til å forstå kvifor ein milliard menneske i verda manglar mat, meiner Jean Ziegler. Han var FNs spesialutsending for retten til mat frå 2000-2008. Til dagleg er han professor ved Sorbonne i Paris og i Genève i tillegg til å rådgi FN om matspørsmål. Denne veka besøkte han Noreg for å delta på eit møte om mat på Litteraturhuset i Oslo.
- Ingen husmødrer, og i alle fall ikkje dei i Dakar, kjøper dyr mango når ein kan få spanske appelsinar til halve prisen, seier Jean Ziegler.
Fem årsaker
På professorens liste over årsakene til matmangel i verda, har vestlege lands overproduksjon av landbruksvarer og påfølgjande matdumping i u-land fått førsteplassen.
- I fjor brukte EU og USA 349 milliardar dollar på å eksportsubsidiar. Det er øydeleggjande, seier Ziegler.
Han har arbeidd med matmangel i meir enn 30 år, og meiner dette er vår tids største menneskerettsproblem,
- Kvart femte sekund døyr eit barn av svolt. Årsaka er ikkje at verda manglar mat. Det er fordelinga som er problemet, seier han. FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO har rekna ut at verdas landbruk kan fø heile 12 milliardar menneske. Dette er eit av matmangelens paradoks. Eit anna er at to tredelar delar av dei som manglar mat i dag er bønder.
Land som forsvinn
Zieglers neste årsak til matmangel er såkalla «landgrabbing», oppkjøp eller langsiktige leigeavtaler for matjord i u-land. Landgrabbinga heng saman med det tredje problemet, dei fattige landas store utanlandsgjeld.
- Det internasjonale valutafondet (IMF) gir alltid same råd når dei skal få land ut av krisa: satsing på eksport, gjerne av landbruksvarer, for å få hard valuta slik at ein kan betale lånet, seier Ziegler.
Eksportproblemet
- Eksporten skaper arbeidsplassar og inntekter for lokalbefolkninga. Kvifor meiner du at det er eit problem?
- I sum er verknaden mest negativ. Selskapa som produserer for eksport betaler ofte dårlege lønn, nokre driv rein slavedrift. Samstundes tek overtek dei jorda frå småbøndene, slik at dei ender opp i slummen i storbyane. Det er familiejordbruket som kan fø verda. Om bønder i den tredje verda får høve til å investere i vanningsannlegg, gjødsel og reiskapar, kan dei auke produktiviteten sin kraftig. I dag er produktiviteten for låg fordi ingen tek seg råd til å investere i denne typen jordbruk.
Slik Ziegler ser det, byr handel med mat frå u-land ikkje nokon veg ut av matproblemet.
- Det er to skuleretningar. Den eine gruppa seier at vestlege land skal kjøpe all maten der det er billegast å produsere han, fordi dette hjelper fattigbønder. Problemet er at det ikkje fungerer. Alle land må ha ein viss grad av matproduksjon for å ta ansvar for eigen matsikkerheit uavhengig av produksjonskostnadene.
Gode og dårlege vilkår
Ziegler er skarp kritikar av eksportsubsidiar. Samstundes er han ein varm forsvarar av produksjonssubsidiar, også i Europa land.
- Eg kjenner godt til situasjonen i heimlandet mitt Sveits, og i Frankrike. Det er mange fjellgardar som ikkje har sjanse til å produsere varer som kan seljast på ein kommersiell marknad utan produksjonssubsidiar. Eg meiner at Noreg lagt seg å eit fornuftig nivå når dei produserer halvparten av maten sjølv. Slik sett er norsk landbruk ein del av løysinga på problemet.
Zieglers fjerde årsak er børsspekulasjon med basismatvarer. og den femte årsaka er produksjonen av biodrivstoff.
I dag er 12 millionar menneske på Afrikas Horn truga av akutt svolt. Professorens liste handlar om dei bakanforliggjande årsakene til matmangel.
Noreg har lagt seg å eit fornuftig nivå når dei produserer halvparten av maten sjølv, meiner professor Jean Ziegler.
LES OGSÅ: Seks millionar nordkoreanarar trua av svolt
LES OGSÅ: Soldat drepte fem i matkø i Somalia
LES OGSÅ: Forskere: - Miljø- og øko-lobby har for mye makt over genmat i Europa












