I desember blir det oppgjer i retten mellom tobakksgiganten Philip Morris og den norske regjeringa. Saka blir følgd med stor interesse i Europa. og kan kome til å sette standard for liknande strider om tobakkssal over heile EU-området.
Bakgrunnen for rettsstriden er at Philipp Morris meiner det norske totalforbodet mot synleg tobakk i butikken er i strid med EØS-avtalen sine reglar om fri flyt av varar.
- Vi står like sterkt som før, og meiner saka vår er godt helsemessig grunngitt, seier Kjetil Bøe Moen, som på vegner av regjeringsadvokaten fører saka for norske styresmakter.
Optimistisk advokat
Moen viser til at Efta-domstolen for to veker sidan kom med sitt råd om saka.
- Eg kan ikkje sjå at Efta-domstolen sitt råd endrar noko ved saka vår, seier Moen.
Det var Oslo tingrett som bad Efta-domstolen kome med råd i spørsmålet om dei norske reglane mot synleg utstilling av tobakk og røykeutstyr i butikkar bryt med EØS-avtalen sitt prinsipp om fri flyt av varer. Tidlegare denne månaden kom utsegna, som regjeringsadvokaten reknar som positivt for styresmaktene si sak.
Fleirtydig råd
I vurderinga slår Efta-domstolen fast at det norske forbodet kan verke gunstig for folkehelsa på kort sikt. Samstundes slår domstolen også fast at forbodet likevel kan vere i strid med EØS-avtalen.
- Efta-domstolen seier at forbodet er ein restriksjon, samstundes seier dei at det er mogleg å ha slike restriksjonar for å beskytte liv og helse. Efta gjer det klart at det er den nasjonale domstolen som skal vurdere om folkehelsemålet om redusert bruk av tobakk kan bli oppnådd gjennom eit mindre inngripande tiltak enn eit forbod mot synleg oppstilling, seier Ulf Sverdrup, professor ved Handelshøgskolen BI og ekspert på EU.
Helse og handel
Argumentet om betra folkehelse kjem til å vere det fremste argumentet for regjeringsadvokaten når saka kjem for retten.
- Helsespørsmålet er det aller viktigaste for oss i denne saka, seier Moen.
Samstundes tolkar også Philipp Morris råda frå Efta-domstolen i sin favør.
- Vi ser domstolen si avgjerd som eit steg i rett retning. No må staten bevise at tiltaket er nødvendig, i den forstand at ikkje andre, mindre restriktive tiltak kunne gitt minst like god effekt, seier Nordan Helland, som er kommunikasjonsdirektør i Philipp Morris Norge.
Minka sal
Det sentrale argumentet for regjeringa er knytt til helse. Tidlegare i år kom rapporten som evaluerer verknaden av forbodet mot synleg tobakk.
- Vi fann ut at det var ein nedgang i talet på røykarar og at det også var ein nedgang i salet av tobakk, fortel Janne Scheffels ved Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus). Ho er ein av forskarane bak rapporten.
Samstundes understrekar ho at det ikkje er mogleg å seie sikkert kor mykje av nedgangen som har direkte samanheng med forbodet, og kor mykje som heng saman med andre politiske tiltak for røykeslutt.
- Det er sett i gang svært mange tiltak for røykekutt over ein lang periode. I fleire år har både salet av tobakk og talet på røykarar gått ned. Det er likevel rimeleg å tenkje seg at desse restriksjonane har vore medverkande årsak til dette, seier Scheffels.
LES OGSÅ: Foreslår vaksine mot nikotin
LES OGSÅ: Ap i tvil om reservasjon mot alkoholreklame
LES OGSÅ: EU sier nei til snus












