Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Landbruksminister Lars Peder Brekk seier flyttinga av Nilf frå Oslo til Ås vil vere bra for landbruket og styrke forskingsmiljøet, men han møter motbør frå Nilf-tillitsvalde. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Landbruksminister Lars Peder Brekk seier flyttinga av Nilf frå Oslo til Ås vil vere bra for landbruket og styrke forskingsmiljøet, men han møter motbør frå Nilf-tillitsvalde. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Nilf vil ikkje flytte til Ås

Landbruksministeren vil flytte Nilf og samle fleire forskingsinstitutt på Ås. Tillitsvalde seier dei ikkje er tatt med på råd og fryktar fråfall.

Publisert: 24.09.2011 00:01
Ås. Meldinga om at landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) vil flytte Nilf til Ås slo ned som ei bombe blant dei over 60 tilsette i forskingsinstituttet. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf) har i dag hovudkontor i Oslo der også storparten av dei tilsette har sitt daglege verke.

 

— Flytting har ikkje vore eit tema i evalueringsarbeidet som er gjennomført. Det er heller ikkje utført konsekvensutgreiing. Vi hadde venta at spørsmålet blei utgreidd først og at vi som jobbar her blei tatt med på råd. Vi saknar også ei grunngiving, seier forskar Frode

Veggeland, som er leiar og tillitsvald i arbeidstakarorganisasjonen Akademikerne i Nilf.

 

Vurderer storfusjon

Etter ein gjennomgang av forskingsinstitusjonane som er underlagt Landbruks- og matdepartementet gjer landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) det klart i eit brev at forskingsinstitusjonane Nilf, Bioforsk og Skog og Landskap skal samlokaliserast på Ås i Akershus når tilfredsstillande lokale er etablert.

 

I tillegg kan det også bli aktuelt å fusjonere dei tre til eitt institutt som også skal ha eit omfattande administrativt og fagleg samarbeid med Veterinærinstituttet og Bygdeforsk. Ein slik fusjon, eller eit alternativ der institutta held fram som sjølvstendige forvaltingsorgan med omfattande samarbeid, skal analyserast nærare. Flyttinga av Nilf ligg derimot fast.

 

— Slike spørsmål har alltid store konsekvensar for mange tilsette, og vi er spesielt kritiske til prosessen og mangel på grunngiving og konsekvensutgreiing. Nilf risikerer også å miste nøkkelkompetanse, seier Veggeland.

 

Han reagerer også på at Landbruksministeren går vidare med fusjonsalternativet, noko Sponheim-utvalet fråråda i evalueringsrapporten som blei lagt fram i vinter.

 

— Set bort frå Sponheim-råd

Tillitsvald Stig Gezelius i Forskerforbundet i Nilf er overraska.

 

— Statsråden ser bort ifrå råda frå Sponheim-utvalet og meldinga om flytting dumpar ned på pultane våre utan at vi er høyrt og utan ei grunngiving. Vi snakkar her om dramatiske inngrep som har store konsekvensar for livssituasjonen til dei fleste her. Nilf risikerer også å miste fagkompetanse som er opparbeida over lang tid, seier Gezelius.

 

Direktør Ivar Pettersen i Nilf stiller seg undrande til flyttinga.

 

— Personleg har eg problem med å forstå den strategiske tenkinga. Forskingsdelen vil nok klare seg på Ås, men på kort sikt kan det bli uro i staben. Funksjonen som møteplass for næringsorganisasjonar, industri og forvaltning blir også sett under press ved ei flytting.

Store delar av landbruket har tilhald i Oslo, seier han.

 

— Kan avstand vere bra med tanke på det å vere uavhengig?

 

— Nei, vi er heilt uavhengige også i dag. Det er ikkje slik at dess lenger ein flyttar frå sentrale aktørar, dess betre er det, seier han.

 

Forsvarar flytting

Landbruksminister Lars Peder Brekk forsvarar flyttevedtaket.

 

— Flyttinga bør ikkje kome som ei overrasking på dei tilsette. Eg meiner samlokalisering er rett fordi det skapar synergiar og styrke den landbruksretta forskinga.

 

— Sponheim-utvalet fråråda samanslåingar?

 

— Vi har valt å gå vidare for å lage eit miljø som kan konkurrere på eit høgt internasjonalt nivå. Dessutan er det kort avstand frå Oslo til Ås, seier Brekk, som ikkje fryktar at flyttinga vil gi storstilt forskarfråfall.

 

Bioforsk, som alt har hovudkontor på Ås, er positiv til forslaget.

 

— Vi er positive til opplegget. Fysisk nærleik kan opne for synergiar og samhandling som vi elles ikkje ville hatt, seier forskingsdirektør Nils Vagstad i Bioforsk.

 

Ifølgje Nilf kan den flyttinga til Ås truleg tidlegast setjast ut i live i 2015.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT