Tal frå Statens landbruksforvaltning (SLF) syner at sal av økologiske varer har auka med nesten 5 prosent jamfør fyrste halvår 2010. Spesielt innan frukt og grønt har det vore ein sterk vekst.
- Totalt sett har me ei auke i volum på 10 prosent samanlikna med tal frå same tid i fjor, seier Bjørn Oppberget, marknadssjef i Gartnerhallen.
Det er gulrot som står fram som vinnaren. Ifølgje rapporten har gulrot etablert seg som den mestseljande grønsaka hos fleire aktørar. Gulrot har selt godt i lang tid.
Difor er ikkje veksten så stor, men omsetnaden aukar i både volum og verdi. Omsetnaden av økologiske grønsaker og potet var på 90 millionar kroner i fyrste halvår 2011, noko som er ei auke på nesten 10 millionar kroner frå same periode i fjor.
- Det er veldig gledeleg at gulrot framleis er økovinnaren. Tala har vore veldig stabile og gode, seier Oppberget.
LES OGSÅ: Økologisk snus lanseres i Sverige
LES OGSÅ: Mer investeringsstøtte til økologisk fruktproduksjon
LES OGSÅ: Grøstad gris vart årets øko-leverandør
Reidar Andestad, dagleg leiar i Oikos, seier økologisk gulrot har mange føremoner jamfør den ordinære.
- Det er veldig positive resultat for gulrot, seier han.
Andestad forklarar dei gode salstala med at økologiske gulrøter ikkje får kunstgjødsel.
- Då veks den meir langsamt og tek opp mindre fukt. Det gjer at me får ein kompakt gulrot med meir smak. Dei vert også haldbare lenger, og summen vert at dei økologiske gulrøtene har betre smak og betre kvalitet, seier han.
Kan gå over ein milliard
Ifølgje halvårsrapporten til SLF tyder mykje på at omsetnaden for økologiske varer kan overstige ein milliard i 2011. I fyrste halvår har me kjøpt økologiske produkt for 459 millionar kroner.
I 2010 var det stagnasjon eller nedgang i produksjon og omsetnad av økologiske produkt. Fram til og med finanskrisa var det optimisme i den økologiske marknaden i Noreg, seier Andestad.
- Me opplevde vekst, prisane vart skrudd opp og produksjonen auka. Difor fekk me ein etterverknad i 2010, då økologisk mat fall i både volum og verdi, seier han.
Andestad meiner tala frå SLF syner at økologiske varer er attende på eit vekstspor.
- Eg er veldig glad for vekst. Spesielt gledeleg er det at auka er størst innan frukt og grønt. Me får resultat fordi mange har gjort ein god jobb over lang tid, seier han.
Uvisst for «Norgården»
Ifølgje rapporten til SLF har det vore ei positiv utvikling i marknaden for økologisk kjøttproduksjon, sidan gapet mellom produksjon og sal har vorte mindre. Problemet har vore at produksjonen har vore for høg jamfør salet.
I august skreiv Nationen om Nortura som sleit med salet av dei økologiske produkta i serien «Norgården».
- Det er mange som seier dei vil ha økologiske varer, men dei kjem ikkje opp i handlekorga og inn i kjøleskapet, seier Nina Sundquist, kommunikasjonsdirektør i Nortura.
Dei vurderer framleis framtida til dei økologiske produkta.
- Det er ingenting som syner at situasjonen er annleis for oss no. Me har ikkje konkludert, men har ein prosess der me vurderer kva me skal gjere med «Norgården»-produkta. Me har nok av produsentar, men me må jo ha avkastning, seier ho.
Står stille
Rune Stenhaug i Øko-kompaniet kan fortelje om stillstand for produkta deira, som hovudsakleg er frukt og grønt.
- Me opplever at marknaden står litt stille. Me har litt vekst på importert jogurt og nokre drikkevarer, men det er av di grunn av me utvidar sortimentet, seier han. Han meiner skilnad i pris er ein grunn til at selskapet slit.
LES OGSÅ: Folk flest bryr seg ikke om økologisk mat
- Pris har mykje å seie. Dessutan handlar det mykje om korleis kundane ser på økologiske varer. Det kostar meir å produsere økologisk, og difor må kundane få vite kvifor dei må betale. Om lag ein prosent av befolkninga seier dei forstår, men når det er så mange som ikkje gjer det, er dei ikkje villige til å betale heller, seier han.












