3. juni 2008 kom Direktoratet for naturforvaltning med positiv innstilling til to søknader om import av to typar genmodifiserte mais. Per i dag er det ikkje tillate å produsere eller importere genmodifiserte organismar til Noreg.
Etter 1198 dagar ligg saka framleis til behandling i Miljøverndepartementet.
Stortingsrepresentant for KrF, Øyvind Håbrekke, reagerer på manglande politisk avklaring.
- Om nølinga i regjeringa er eit uttrykk for intern usemje mellom dei raudgrøne om ei framleis restriktiv linje, er det uheldig og bekymringsverdig, seier han.
KrF sitt standpunkt er at genteknologien må ha eit føre-var-perspektiv, fortel Håbrekke.
- Me må vera trygge på at det ikkje får uføresette konsekvensar for naturen og menneska å innføre og importere GMO-organismar. Difor er me for ei restriktiv linje, seier Håbrekke.
GMO-trøbbel
Det er ikkje berre mais som utløyser intern diskusjon i regjeringa. Helse- og omsorgsdepartementet har ansvar for å koordinere arbeidet med å harmonisere den norske matloven til EU sitt regelverk for mat og dyrefôr.
Nyleg fekk fire fiskefôrprodusentar dispensasjon frå Mattilsynet til å bruke genmodifisert fiskefôr. Produsentane har sidan 2008 fått eittårig mellombels løyve medan ein ventar på det nye regelverket frå regjeringa.
- Harmoniseringa mot EU sine forordningar om mat og fôr har teke mange år. Vi trur det skuldast interne forhandlingar i regjeringa, seier Kathrine Kleveland i Nettverk for GMO-fri mat og fôr.
Ulike syn i regjeringa
Då miljøvernminister Erik Solheim fekk overrekt opprop mot GMO-mais i juni, uttala han at det er ulike syn på GMO i samfunnet, og det er inga hemmelegheit at det også er ulike syn på dette i regjeringsapparatet.
Bell Batta Torheim er rådgjevar i Utviklingsfondet, og er også medlem av Bioteknologinemnda. Ho seier det er synd at lovverket ikkje blir fylgd, og kallar vedtaket frå Direktoratet for naturforvaltning i 2008 ein «saksbehandlingstabbe».
- Det må ikkje skugge for lovverket som viktige aktørar som Bioteknologinemnda har kjempa for, seier Torheim.
Ho seier det ikkje finst aktørar i Noreg som kjempar for godkjenning. Dei nærastliggjande er fiskefôrprodusentane som får dispensasjon for bruk, men som ikkje nyttar seg av GMO-organismar i fôret.
- Spørsmålet me stiller oss er om det er Arbeidarpartiet som overkøyrer miljøperspektivet for å leggje til rette for auka frihandel, seier Torheim.
LES OGSÅ: Polens landbruksminister vil forby GMO i hele EU
LES OGSÅ: Villige til å betale ekstra for genmodifisert «sunn» mat
LES OGSÅ: EU godkjente ny genmodifisert maisvariant
LES OGSÅ: Sult på Afrikas Horn åpner for genmodifisert mat
Nationen lukkast ikkje med å innhente kommentarar frå Helse- og omsorgsdepartementet og Miljøverndepartementet i går.












