Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Generalsekretær Årstein Skjæveland i NBU, kommunikasjonsdirektør Margaret Brusletto i McDonald`s og sjefredaktør Mari Velsand i Nationen jaktar på kandidatar til «Årets unge bonde». Foto: Mariann Tvete

Generalsekretær Årstein Skjæveland i NBU, kommunikasjonsdirektør Margaret Brusletto i McDonald`s og sjefredaktør Mari Velsand i Nationen jaktar på kandidatar til «Årets unge bonde». Foto: Mariann Tvete

Foreslå kandidatar til «Årets unge bonde»

Kåringa av «Årets unge bonde» nærmar seg, og samarbeidspartnarane bak kåringa oppfordrar folk til å sende inn forslag på bønder under 35 år som er gode førebilete.

Publisert: 15.09.2011 08:04
Fakta
«Årets unge bonde»

• Norges Bygdeungdomslag, McDonald`s og
Nationen står bak kåringa.

• Kriteria er at kandidaten må vere under 35 år, vedkomande
må vere eit bra førebilete og i tillegg vere ein matprodusent.


• Vedlagt forslaget ønskjer juryen ei grunngiving for kvifor forslagsstillaren meiner kandidaten bør bli kåra til «Årets unge bonde». Helst også eit eller fleire foto av kandidaten, gjerne på gardsbruket.

 

• Siste frist for å sende inn forslag er 31. oktober.

 

• Nationen vil følgje opp med fyldig presentasjon av kandidatane som blir plukka ut.


• Vinnaren vil bli offentleggjort den 16. november under eit arrangement på Ås.

 

• Les mer om kåringa på Grønn utdanning.

I fjor var det Roar Lima Grødeland frå Jæren som fekk den gjeve tittelen.

 

Nå er leitinga etter ein ny «Årets unge bonde» i gang.

 

Fram til og med 31. oktober kan alle som veit om gode kandidatar sende inn forslag.

 

Kriteria er at personen er under 35 år, er eit gode førebilete og at vedkomande er matprodusent.

 

Les også: «Årets unge bonde» blir politikar


- Vi håper å få inn mange forslag til gode kandidatar, og vi ser gjerne at det kjem forslag til kandidatar av begge kjønn og frå alle kantar av landet, seier generalsekretær Årstein Skjæveland i Norges Bygdeungdomslag (NBU).

 

Trepartssamarbeid

Kåringa er for Bygdeungdomslaget ein måte å skape merksemd rundt rekruttering til bondeyrket på, og i år som i fjor har restaurantkjeda McDonald`s ein sentral rolle.

 

Nytt av året er også at Nationen vil ta aktivt del i kåringa, og denne veka skreiv sjefredaktør og dagleg leiar Mari Velsand i Nationen under på ein samarbeidsavtale.

 

Partane har god tru på samarbeidet.

 

Foreslå kandidatar i boksen til høgre i saka!

 

- Vi har lenge vore opptatt av rekruttering til grøne næringar og grøn utdanning, og vi ser på samarbeidet som ein vinn-vinn-situasjon for alle, sidan vi er opptatt av same sak, seier Skjæveland.


Velsand viser til Nationen sin formålsparagraf, der avisa skal «ivareta bygdefolkets og distriktenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser».

 

- Rekruttering til landbruket er slik sett viktig, og tiltaket stemmer godt overeins med det vi og våre lesarar er opptatt av. Vi vil gjerne vise fram bønder som lukkast, som viser engasjement og som er gode førebilete, seier Velsand.

 

- Viktig for McDonald`s

Restaurantkjeda McDonald`s tok initiativ til kåringa overfor NBU.

 

Kommunikasjonsdirektør Margaret Brusletto i McDonald`s Norge AS seier at den internasjonale kjeda er opptatt av å sikre råvareleveransane.

 


- Norsk landbruk leverer 80 prosent av råvarene som vi bruker. Vi er opptatt av kvalitet, og den beste måten å sikre kvaliteten på, er ved å bidra til å oppretthalde landbruket her i landet og byggje vidare på samarbeidet vi har hatt om grøn rekruttering, seier Brusletto.

 

- Er det for McDonald`s også ein måte å få medieomtale på?


- For oss handlar det ikkje om reklame. Det har vi nok av frå før. For oss er det viktig at vi kan stole på at vi har gode råvarer i maten. Vi er avhengig av gode råvarer frå norske bønder, og derfor er rekruttering til landbruket viktig, seier ho.

 

McDonald`s oppgjer at dei er landets største restaurantkjede med 72 restaurantar.

 

Dei sel 25 millionar hamburgarar per år, med blant anna 1800 tonn storfe­kjøtt, 660 tonn kylling og store mengde poteter og grønsaker. Blant leverandørane er Nortura, Prior, Tine, Bama og Findus.

 

Les også: Nortura får produsere ny McDonalds-burger

 

 

 Kåringa og jakta på kandidatar vil bli profilert av alle samarbeidspartnarane i seks veker framover, og vinnaren vil bli offentleggjort den 16. november.

 

Brekk juryformann

Blant dei som sit i juryen er landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp), sjefredaktør Mari Velsand i Nationen, leiar Inger Johanne Sveen i NBU, administrerande direktør Olli Kilpi i McDonald`s Norge AS og rektor Hans Fredrik Hoen ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap (UMB) på Ås.

 

—Eg er mektig imponert over engasjementet for denne konkurransen og arbeidet for å rekruttere unge til landbruket. Det er viktig å vise at norsk landbruk er en spennende karrierevei, seier juryformann Brekk.


- Vi håper det kjem inn mange forslag til kandidatar. Jo fleire, desto betre, seier Skjæveland, som saman med samarbeidspartnarane oppfordrar folk til å leggje ved bilete av personane dei føreslår som kandidatar til å bli «Årets unge bonde».


Les også: Snart 100 nominerte til «Årets unge bonde»

Les også: «Årets unge bonde» blir politikar

Les også: Nettstad hjelper unge å finne gard

Les kommentaren: De vil, de vil, men slipper ikke til

Les også: Angrar ikkje på at dei gav frå seg garden tidleg

Les også: Snittalderen for å ta over garden er rekordhøg

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT