Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Det har blåse rundt olje- og energiminister Ola Borten Moe etter at han sa han ville justere miljørørslas røyndomsforståing i energipolitikken.
Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Det har blåse rundt olje- og energiminister Ola Borten Moe etter at han sa han ville justere miljørørslas røyndomsforståing i energipolitikken. Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Får massiv støtte i Sp for miljøutspela

Ola Borten Moe (Sp) har sterk støtte for utspelet mot miljøorganisasjonane. Kvar tredje veljar seier dei støtter utspelet.

Publisert: 11.09.2011 16:57
Bellona-leiar Frederic Hauge seier han registrerer at miljøorganisasjonane får støtte frå eit fleirtal blant Ap-veljarane, og er nøgd med det.  Foto: Scanpix

Bellona-leiar Frederic Hauge seier han registrerer at miljøorganisasjonane får støtte frå eit fleirtal blant Ap-veljarane, og er nøgd med det. Foto: Scanpix

Kvar tredje veljar støttar olje- og energiminister Ola Borten Moe i utspela mot miljørørsla, medan kvar fjerde veljar sympatiserer med miljøorganisasjonane i saka. Det syner ei undersøking Sentio har gjennomført på oppdrag for Nationen.

 

Særleg stor støtte får Borten Moe blant Sp-veljarane, der seks av ti seier dei står bak han. Sp-nestleiaren får også stor støtte blant Høgre-veljarar, KrF-veljarar og blant Frp-veljarar, medan veljarar av RV, SV, Venstre og Ap i større grad støttar miljøorganisasjonane i saka.

Det har blåse godt rundt olje- og energiministeren etter at han sa han ville justere miljørørslas røyndomsforståing i energipolitikken. Utspelet har hausta krass kritikk frå så vel andre politiske parti, som frå eigne partirekkjer.

Ola Borten Moe seier han ser tala over støtta frå veljarane som ein siger.

- Det er morosamt å sjå at støtta frå Sp-arar er så tydeleg og overveldande. Det stemmer også godt overeins med tilbakemeldingane eg har fått, seier han.

LES OGSÅ: Solheim lei av Borten Moe

LES OGSÅ: Borten Moe utfordrar Solheim på fornybar energi

 

Bellona-leiar Frederic Hauge, som rasa over utspelet og meinte Borten Moe teikna eit feilaktig bilete av kva ein stor del av miljørørsla står for, er heller ikkje misnøgd.

- Vi får støtte frå ein fjerdedel. Det synest eg er ganske bra sett i lys av korleis miljøsaka står i eit land der klima er i ferd med å verte fortrengt av egoisme og grådigheit. Vi har fått sett miljø på dagsordenen. Det er ikkje gale, seier han.

Ser støtta som grøn
Støtta til Borten Moe er større enn støtta til miljøorganisasjonane i alle landsdelar utanom i Oslo.

- Eg trur det fortel at folk som lever tettare på naturen og miljøet opplever saka annleis enn dei som sit i byen med sterke meiningar, seier Sp-nestleiaren.

- Du har også stor støtte på blå side i partipolitikken. Kor blå er du?

- Eg har størst støtte i Sp, som verken er blått eller raudt, men grønt. Blant Sp-veljarar er det mange som er opptekne av verdiskaping og utvikling, både på vegner av seg sjølv og eigne lokalsamfunn, og det er det eg trur speglar seg av seg i tala, seier Borten Moe.

Valforskar Hanne Marthe Narud støttar sentrum-periferi-resonnementet.

- Oslo-området skil seg klart frå resten av landet. Det er der miljøorganisasjonane i hovudsak held til, og det er der dei har flest aktivistar og støttespelarar, seier ho.

Angrar ingenting
Bellona-leiar Frederic Hauge seier han registrerer at miljøorganisasjonane får støtte frå eit fleirtal blant Ap-veljarane, og er nøgd med det.

-Trur du miljøorganisasjonane har vunne eller tapt på denne saka?

- Vi har stått på meiningane våre. Når nokon spreier løgn, er det jobben vår å seie frå. Eg har fått støtte frå Liv Signe Navarsete, frå statsministeren som seier at miljøorganisasjonar er viktige, frå Norsk Industri og frå mange andre, seier Hauge, og understrekar at han overhovudet ikkje angrar på den kraftige reaksjonen mot Borten Moe sitt utspel.

- Med tanke på alle leiarartiklane og dritslenginga vi har fått mot oss, ser det ut til at vi har stukke hol på ein betent byll. Det kjem mykje gørr ut, men det var nødvendig å gjere det, seier han.

Tilbyr støttemedlemskap
Ein som har omfamna Ola Borten Moe etter utspelet mot miljørørsla, er energi- og miljøpolitisk talsperson Ketil Solvik-Olsen i Frp. Han seier til Nationen at han gjerne vil tilby Ola Borten Moe eit støttemedlemskap i Frp.

- Under Borten Moe si styring av Olje- og energidepartementet har vi sett ei kraftig rørsle i Sps politikk. Medan Åslaug Haga som minister var å rekne som ein motstandar av oss og drog ting i retning SV, så er Borten Moe ein medspelar som dreg politikken mot det Frp har kjempa for i lang tid, seier Solvik-Olsen.

Borten Moe er langt frå samd.

- Det er grunn til å minne om at Ketil Solvik Olsen også har kome med krass kritikk mot oss den siste tida. Han går til åtak frå alle kantar. Eg trur det er eit utslag av at partiet hans er parkert i energi og miljødebatten, seier Ola Borten Moe.

- Har du trekt energipolitikken til Sp nærare Frp?

- Nei, og det syner jo også undersøkinga dykkar. Eg har stor støtte i eige parti.



Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT