Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
TrollA er absolutt ikkje til å spøke med i «Trolljegeren». Her ein jotne frå Jotunheimen. Foto: SF Norge

TrollA er absolutt ikkje til å spøke med i «Trolljegeren». Her ein jotne frå Jotunheimen. Foto: SF Norge

Britane likar «Trolljegeren»

«Troll Hunter» - også kjent som André Øvredals «Trolljegeren» - får kjempekritikk i London-tabloidane før englandspremieren.

Publisert: 09.09.2011 17:10
Otto Jespersen spelar hovudrolla som trolljegeren Hans. Foto: SF Norge

Otto Jespersen spelar hovudrolla som trolljegeren Hans. Foto: SF Norge

Daily Mirror gir fem av fem moglege stjerner. Ifølgje kritikaren har Øvredal & co. « levert ein av årets mest oppsiktsvekkjande briljante filmar» med sin 103-minutt lange «juksumentar».

 

«Du kan nesten kjenne dei dundrande fotstega til trolla, og det er mogleg å gløyme det latterlege premisset takka vere haugevis med ironisk humor», skriv David Edwards.

 

Konkurrenten The Sun er nesten like begeistra. Kritikar Grant Rollings, som trekkjer parallellar til 90-talshiten «The Blair Witch project», gir fire av fem stjerner.

 

«Resultatet er ein film som både er morosam og skremmande. Kryss bruer for å sjå Trolljegeren», oppmodar han.

 

Dei tradisjonelle fullformatavisene er noko meir tilbakehaldne. The Times gir tre stjerner; det same gjer The Guardian.

 

«Scenene som involverer trolla, er spektakulære, men ikkje fælslege: dei er for absurde til det», meiner kritikar Peter Bradshaw i sistnemnde avis.

 

LES OGSÅ: Trolljegeren på amerikanske kinoer

 

«Trolljegeren» vart lansert heime i fjor, og kretsar rundt Otto Jespersen i hovudrolla som Hans.

 

Christopher Columbus, kjent frå «Hjemme Alene» — og «Harry Potter»-seriane, har sikra seg rettane til å lage ein amerikansk nyinnspeling. (©NPK)

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT