— Senterpartiet og Centerpartiet vil arbeide i lag for å få til ei felles skandinavisk ulvestamme, seier Vedum og Daniel Bäckström, som er leiar i Värmland Centerparti.
Denne veka møttest partifellene for å diskutere kva Senterpartiet kan gjera for at bygdene sine interesser skal blir høyrt i forhandlingane. Vedum fryktar at forhandlingane vil gå så fort at ein knapt rekk å påverke prosessen. Difor vil han byggje opp ein sterk interesseallianse på tvers av grensene, som kan påverke prosessen fram mot avgjerslene.
— Forhandlingsprosessen vil skje på elitenivå i Oslo og Stockholm. Difor må bygdene samarbeide på tvers av grensene, seier Vedum.
Svensk ulvekonflikt med EU
Ei svensk rovdyrutgreiing som vart presentert i april føreslær å doble talet på ulvar i Sverige, frå dagens 200 til 450, for å få ein levedyktig ulvestamme.
— Utgreiinga er basert på biologi og økologi, og kva som blir kravd for at ulven skal oppnå sterkare vern, sa utgreiingsleiar Lars-Erik Liljelund på pressekonferansen då rapporten vart lagt fram.
Den svenske lisensjakta på ulv har ført landet inn i konflikt med EU. Ifølgje EUs miljøkommissær Janez Potocniks er lisensjakt, taket Sverige har sett på 210 ulvar og planar om å setje ut utanlandske ulvar, uforeinleg med EUs reglar for freding av rovdyr. Daniel Bäckström vil ha strengare forvaltning.
— Det er lenge sidan me passerte taket på 210 ulvar. No er det over 300 ulvar i Sverige, seier Bäckström.
Han seier det berre i Värmland er 140 ulvar og 23 ulverevir.
— I 2010 var det 14 ynglingar i Sverige, og me kjenner ikkje tala for 2011 enno, seier Bäckström.
Han er glad for initiativet frå den norske partifellen, og seier at Centerpartiet har hatt rovdyrpolitikk på agendaen i mange år.
— Rovdyr er eit spørsmål som mange i området blir råka av. Avgjerslene må takast med utgangspunkt i dei utfordringane distrikt som Värmland har, seier Bäckström.
Han seier talet på ulv påverkar livskvaliteten til innbyggjarane i område med mykje ulv, men at det også går ut over attraksjonsverdien til distrikt som tiltrekkjer seg jegerar og turistar.
— Eg er ikkje imot ulv, men no er trykket for stort, seier Bäckström.
— WWF for stor påverknad
Ei av årsakene til at Vedum vil ha ein sterk bygdeallianse, er den påverknaden organisasjonar som WWF har på rovdyrpolitikken, og føringane det legg for ulveforvaltninga.
— Det er ein veldig lita gruppe som definerer korleis verda ser ut. WWF er ein profesjonell lobbyorganisasjon som knapt har medlemer. Det må takast større omsyn til folk som bur i grenseområda, seier Vedum.
— Forhandlingane mellom Noreg og Sverige skal vera ferdig i 2013. Me veit det blir mykje kjensler i debattane, og det vil ta tid, seier Vedum.
Bondelaga må samarbeida
Fylkesordførar for Senterpartiet i Hedmark, Arnfinn Nergård, leier også rovviltnemnda i Hedmark. Han seier det er avgjerande at bygdene sine synspunkt blir høyrde.
— Ulven har avgrensa leseferdigheiter. Difor må me samarbeide om rovdyrpolitikk på tvers av landegrensene, seier Nergård.
Han syner til at Noreg har lang tradisjon for å utnytte ressursane på utmarksbeite.
— Rovdyrpolitikken inneheld statleg vedteken landbrukspolitikk, skogbruk og friluftspolitikk. Desse faktorane må med i diskusjon om rovdyrstammene, seier Nergård.
Han fryktar ikkje at felles norsk-svensk ulveforvaltning vil føre til at Noreg må ta større ansvar og auke ulvetalet.
— Sjølvsagt må ein gi og ta i forhandlingar, men det er utelukka å auke bestandsmålet for ulv, seier Nergård.
Vedum oppmodar interesseorganisasjonar som talar distrikta sine interesser til svensk-norsk samarbeid.
— Bondelag og jeger- og fiskarforbund bør knytte band med systerorganisasjonane i Sverige, seier Vedum.
Leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke tek oppmodinga frå Vedum på strak arm.
— Me har alt ein dialog med det svenske bondelaget, og kjem nok til å vera ganske samstemte i synet på felles svensk-norsk ulveforvaltning, seier Bjørke.
Han deler Vedum sitt syn på at distriktsrelaterte interesseorganisasjonar må arbeide tett saman.
— Miljøsida samarbeider tett på tvers av grensene, det må me også gjera, seier Bjørke.












