— Vi har i mange år snakka om at det er behov for nye byar, fordi dei fleste av tettstadene i regionen frå gammalt av litt midt i den beste matjorda, seier organisasjonssjef Torill Wikesland i Akershus bondelag.
Bakteppet for arbeidet er at Oslo og Akershus i løpet av dei næraste 20 åra kan ha fått i underkant av ein halv million fleire innbyggjarar.
— Skal dei eksisterande tettstadene vekse, ligg det i korta at jordvernet blir utfordra. Og når vi i neste runde snakkar om å ta vare på matjorda, opplever vi at ingen er opptekne av det. Jordvernet taper kampen mot nye vegar og nye bustader tett opptil dei eksisterande. I røynda er ikkje matjord rangert høgt på verdiskalaen, seier Wikesland.
Planlegging
I fjor begynte Akershus fylkeskommune og Oslo arbeidet med ein planstrategi for areal og transport i regionen.
— Vi gav tidleg innspel til Miljøverndepartementet om at dersom arbeidet skulle vere framtidsretta, burde det innehalde så store visjonar som å tenkje nye byar.
Men ideen er avvist i utkastet som er sendt ut til høyring.
— I utkastet står det med klare ord at det innanfor dagens struktur er råd å dekkje dei komande behova. Men å utvide tettstadene, det betyr at matjorda forsvinn, seier Wikesland.
Det lokale bondelaget gav seg difor ikkje.
— Vi skjøna at vi måtte gripa saka annleis an for å vise politikarar og styresmakter at det let seg gjere å tenkje annleis.
Difor hyra dei det kjende arkitektfirmaet, som ikkje var tungt å be då Akershus bondelag bad dei om å lage ein presentasjon som viser at det er faktisk er mogleg å byggje nye byar.
— Vi hadde alt registrert at Snøhetta har gjort eit godt stykke arbeid med korleis Nittedal kunne utvikle seg. Der var det også teke omsyn til matjorda.
Firmaet har også i andre land arbeidd med prosjekt der naturen skaper grensene for kva som er mogleg.
På eit stormøte på Eidsvoll i går med tittelen «Matjorda i Akershus — byggegrunn eller spiskammer», var det samla over 80 lokal- og fylkespolitikarar pluss rundt femti tillitsvalde og embetsfolk. Der presenterte Snøhetta arbeidet sitt. «Frå sovebyar til draumebyar» heiter visjonen.
Sjølvstendige byar
— Tanken er at dei nye byane skal vere sjølvstendige byar, der folk både bur og jobbar, og ikkje sovebyar for folk som pendlar til hovudstaden, seier Snøhetta-arkitekt Maria Svaland.
Byane skal vere ei blanding av bustad og næring, og miljøtenkinga skal vere gjennomgåande. Byane skal heller ikkje vere blåkopiar av kvarandre, men tufta på lokalt særpreg.
— Vi snakkar om by, belte og bygd. Vi ser for oss ein grøn ring rundt byane, for å hindre at dei gror i kvarandre. Beltet kan vere alt frå grøntareal til område for solcellepanel og anna ny teknologi. Utanfor beltet ligg bygda, meir eller mindre som ho er i dag, seier Svaland.
Med i visjonen
Til oppdraget låg ikkje å teikne ein konkret framtidsby i detalj eller plassere nye byar her eller der.
— Vi har løfta det opp til eit visjonært nivå, og har tenkt lenger fram i tid enn høringsutkastet gjer. Vi ser det som ein inspirasjon til å tenkje planlegging i framtida. Men vi har henta fram mange døme på kva som skjer andre stader i verda, og så har vi sett korleis ein modell som dette vil sjå ut for eksempel i Minnesund eller i Ski, seier Svaland.












