Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Partileiar Siv Jensen opna Frp-valkampen i Sandnes i dag. Foto: Eva Aalberg Undheim

Partileiar Siv Jensen opna Frp-valkampen i Sandnes i dag. Foto: Eva Aalberg Undheim

Siv Jensen trur Frp kjem til å gjere eit svært godt val

Siv Jensen har inga tru på at valet kjem til å gje Ap like høg oppslutning som meiningsmålingane tilseier no.

Publisert: 13.08.2011 18:14
Valget 2011

Kommunestyre- og fylkestingsvalget avholdes mandag 12. september. 195 kommuner holder også valglokalene åpne søndag 11. september.
Les mer på valg.no

Tips oss om saker i forbindelse med valget på 940 08 650.

Kart
Ein optimistisk Frp-leiar opna i dag valkampen i Sandnes kommune i Rogaland.

 

- Det er godt å skulle begynne valkamp igjen, trass i dei krevjande vekene som heile nasjonen har bak seg, sa Siv Jensen til dei mange  tilskodarane som hadde møtt opp for å høyre opningsappellen hennar i Langgata i Sandnes.

 

Sjølv om Ap har gått kraftig fram på meiningsmålingane etter åtaka 22. juli, trur ikkje Frp-leiaren det er sjølvsagt at regjeringspartiet gjer eit brakval 12. september.

 

- Eg håper at veljarane er like opptekne av mangfaldet i dag som for tre veker sidan. Eg trur ikkje at Noreg plutseleg har vorte eit sosialistisk land. Eg trur ikkje at vi kjem til å gå mot ein  eittpartistat. Eg trur at konsekvensen av dette er at alle dei politiske partia får nye medlemmar og får styrkt partiidentiteten. Og ikkje minst trur eg at Frp kjem til å gjere eit svært godt kommuneval, sa ho.

 

Håper på annleis valkamp

Jensen seier til Nationen at Frp i stor grad kjem til å gjennomføre valkampen som planlagt, men at åtaka kjem til å prege kvardagen i lang, lang tid framover.

 

- Men er det noko vi politikarar på tvers av alle partigrenser har vore samde om, så er det at den sikraste måten for å ta liva våre tilbake på, det er å gjere som vi no gjer: Å vere ute i gatene og fylle det med demokrati og ytringsfridom, seier ho.

 

Frp-leiaren håper likevel åtaka kan medverke til ein annleis valkamp på eitt punkt: Ved at alle politikarar fokuserer på eigen politikk heller enn å rakke ned på andre. 

 

Størstedelen av appellen brukte Jensen til å gjere greie for dei viktigaste kampsakene til partiet: Eldreomsorg, skulepolitikk og lokal sjølvråderett.

 

Vil diskutere strengare innvandringspolitikk

 Etter terroråtaka har det både internt i Frp og eksternt vore diskusjon om ordbruk og retorikk i innvandrings- og integreringsdebatten. Siv Jensen gjer det klart at ho ikkje ser nokon grunn til å endre retorikken framover. 

 

- Det er berre ein person som har ansvar for det som skjedde 22. juli, og det er gjerningsmannen. Ingen andre skal tilleggjast ansvar for det. Verken dei som er for ein liberal innvandringspolitikk, eller dei som er for ein streng innvandringspolitikk. Vi kjem til å halde fram å diskutere behovet for betre integrering og strengare innvandringspolitikk, for den debatten må vi ha. Og partia kjem til å vere usamde, seier ho.

 

- Eg kjem aldri til å la vere å ta i dei vanskelege debattane. Det er min jobb som politikar og som partileiar. Og det er ikkje slik at utfordringane vi diskuterte før 22. juli er vekke, seier Jensen.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT