Olje- og energiminister Ola Borten Moe er på tur til Finland på familieferie når bomba går av. På flyplassen i Helsinki får han melding om terroråtaket mot regjeringsbygget.
— Det var eit sjokk. Då hadde me endå ikkje høyrt om Utøya, seier Moe.
Familien blir sendt heim til Trøndelag medan ministeren reiser til Oslo. Saman med andre i departementet bruker han kvelden på å få oversyn over dei tilsette. Mellom 15 og 20 tilsette var på jobb i departementet fredag ettermiddag.
Moe har prata med dei tilsette som var der då det small. Tysdag var Moe ved det gamle kontoret sitt sjølv for å sjå på øydeleggjingane.
— Alt er fullstendig rasert. Det kunne gått veldig mykje verre, seier Moe.
Ros til dei tilsette
Alt laurdag var Olje- og energidepartementet på plass i mellombelse lokale hjå Norsk vassdrags- og energivesen på Majorstua i Oslo. Måndag morgon klokka ni var Olje- og energidepartementet fullt operativt.
— Midt i galskapen er dette vårt vesle bidrag og melding til Noreg og verda om at me kan bombast sønder og saman, men måndag morgon fungerer systemet, seier Moe.
LES OGSÅ: Småbrukarlaget advarer mot overvåking
LES OGSÅ: Valgstyrene må vurdere nye lister
LES OGSÅ: Blomsterkjeder donerer bort overskuddet
LES OGSÅ: Riksarkivaren vil ta vare på minneord
LES OGSÅ: Flere smell på Breiviks gård
LES OGSÅ: NRK sender ikke fra Landsskytterstevnet
LES OGSÅ: Ble ikke trodd da han varslet om skyting på Utøya
LES OGSÅ: «Hvem som helst» kan bygge arsenal
LES OGSÅ: Terroråtaka: - Eit uttrykk for den nye fascismen
LES OGSÅ: Flere tusen på minnemarkering i Hole
Den øvste sjefen for departementet rosar dei tilsette for arbeidet dei har lagt ned etter terroråtaket.
— Folk har jobba med kvarandre, og løyst alle moglege praktiske ting. Eg er stolt av å kunne vera minister for eit departement som klarar det, seier Moe.
Han seier det har gått bra å vera på jobb desse dagane.
— Det er nesten verst når ein ikkje arbeider, men blir sitjande å sjå på nyheitene og tenkje over det som har skjedd, seier Moe.
Noko av det som har varma statsråden er å sjå korleis fellesskapet har reagert på terroråtaket.
— Det har vore utruleg fint å vera del av den norske fellesskapen, som så sterkt og tydeleg har markert samhald og styrke gjennom helga. Dette har betydd mykje for meg personleg, seier Moe.
Skryt av Jens
Moe seier han er stolt av å vera med i ei regjering som er leidd av Stoltenberg.
— Innsatsen til Stoltenberg og kong Harald har vore uvurderleg. Leiinga har vore fjellstø og trygg, og svært samlande for nasjonen, seier Moe.
Han meiner det ikkje er openbert at det skulle bli slik. Utanlandsk media har undra seg over at nordmenn framstår som så lite hemngjerrige.
— Me skal ikkje hemne, men stille den eller dei som er ansvarlege til ansvar. Han kan ikkje få ei straff som står i høve til det han har gjort. Den beste straffa me kan gje han, er å demonstrere i praksis at denne type galskap og haldningar er det ikkje rom for i Noreg, seier Moe.
Vil halde på nærleiken
Sp-politikaren seier det er openbert at terroråtaket vil føre til endringar for sikkerheita til den øvste politiske leiinga i landet, men han er fast bestemt på å ta vare på den korte avstanden mellom folket og politikarar i Noreg.
— Me må bruke åtaket som eit nullpunkt til refleksjon og debatt om korleis me saman skal utvikle eit betre samfunn for alle, seier Moe.
Han er ikkje overraska over at åtaket kom frå ein person som frontar islamofobisk, fascistisk ideologi, men seier han sjølv frykta ein slags repetisjon av terroråtaket i USA 11. september 2001.
— Det ville vore vanskelegare for oss som samfunn å koma oss vidare, og kunne vore starten på ein negativ spiral. Men det overraskar meg ikkje at det finst forskrudde folk med ekstreme synspunkt, og at dei er i stand til å gjennomføre slike aksjonar. Eg er likevel sjokkert over råskapen, meininglausheita og forferda over at det var mogleg, seier Moe.
Må vera rom for debatt
Sp-politikaren seier det er for tidleg å trekkje konklusjonar om korleis terroråtaket vil påverke den islamkritiske debatten.
— Ein av lærepengane er at det må vera rom for alle diskusjonar i det offentlege ordskiftet. Påstandar og diskusjonar som ikkje har livets rett vil hurtig bli avkledd og ufarleggjort, seier Moe.
Han seier det norske samfunnet ikkje må marginalisere og teie i hel debattar framover.
— Breivik har laga eit oppkok av forkvakla idear, og har fått halde på i eit lukka miljø utan korrektiv og kritiske spørsmål. Breivik vil oppnå ein liten siger om rommet for debatt framover blir redusert, seier Moe.
Moe har tidlegare hatt uttalar i offentlege diskusjonar som har vekt stor merksemd. Mellom anna sa han i 2009 at Noreg ikkje har noko å lære av arabisk styresett, og han har oppmoda folk om å «tenkje norsk». Moe seier han ikkje har strekt strikken for langt sjølv i debatten.
— Kvifor skulle eg det? Eg har ikkje uttala meg mot islam og muslimar. Uttala om arabiske styresett er ikkje knytt opp til islamske styresett, eller muslimske land, seier Moe.
Han seier «tenk norsk»-omgrepet ikkje er knytt til religion, kultur eller etnisitet.
— Det er eit sett av sams verdiar, som demokrati og folkestyre. Det er viktig at me har desse verdiane, og dei ser no til å koma styrka ut av terroraksjonen, seier Moe.












