Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Grue-bonden Magne Fjeldseth har vorte nekta omstillingsmidlar fleire gonger. Ifølgje Arnfinn Nergård i rovviltnemnda kunne saka hans fått eit anna utfall om den hadde vorte handsama etter dei nye reglane for rovviltnemndene. FOTO: SIRI JUELL RASMUSSEN

Grue-bonden Magne Fjeldseth har vorte nekta omstillingsmidlar fleire gonger. Ifølgje Arnfinn Nergård i rovviltnemnda kunne saka hans fått eit anna utfall om den hadde vorte handsama etter dei nye reglane for rovviltnemndene. FOTO: SIRI JUELL RASMUSSEN

Ulike vilkår for omstilling for bønder

Nær 35 prosent av midlane til førebyggjande og konfliktdempande rovvilttiltak går som omstillingstilskot i Nord-Trøndelag. Tilsvarande tall i Hedmark er null.

Publisert: 28.07.2011 00:01
Fakta
Driftsomstilling grunna rovvilt

• Vert i hovudsak gjennomført med støtte frå FKT-midlar via Direktoratet for Naturforvalting og rovviltnemndene.

 

• Får også støtte gjennom tilskot frå fylkesvise BU-midlar via Innovasjon Norge.

 

• I perioden 1990 til 2010 vart det registrert omstilling på 22 bruk i Hedmark, 33 bruk i Nord-Trøndelag, 1 bruk i Nordland og 3 bruk i Troms. I andre fylke har det ikkje vore omstillingssaker.

 

• Det nye rovviltforliket seier at det skal setjast i verk nødvendige tiltak for å gjennomføre omstilling i landbruket i områda som er definerte som yngleområde for bjørn.

 

• Nivået på løyvingane skal avgjerast i budsjetta for kvart enkelt år.

 

Kjelde: «Driftsomstilling grunnet rovvilt» — rapport frå arbeidsgruppe oppnemnt av LMD og MD

Frå og med 2008 har berre tre gardbrukarar i Hedmark fått midlar til omstilling grunna rovvilt. Alle tre tildelingane gjeld såkallte bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar), som går gjennom Innovasjon Norge.

 

Ikkje sidan 2005 har det vorte gitt omstillingstilskot gjennom midlane for førebyggjande og konfliktdempande tiltak (FKT-midlar) i same fylke. Då fekk éin gardbrukar i Hedmark omstillingstilskot.

 

Tala går fram av ein rapport frå april i år, gjennomført på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet.

 

LES OGSÅ: Provoserte politikere vil ha opprydding

LES OGSÅ: Departementet lovar svar

 

Rapporten syner at det for same periode i Nord-Trøndelag fylke vart gitt omstillingstilskot til i alt ti gardbrukarar.

 

Medan dei samla omstillingstilskota i Nord-Trøndelag i treårsperioden summerer seg til like over 16 millionar kroner, er tilsvarande sum for Hedmark nær 8 millionar kroner.

 

Nord-Trøndelag og Hedmark er dei to fylka med flest omstillingssaker grunna rovvilt.

 

Vil halda på sauebruka

Ifølgje miljøverndirektør Jørn Georg Berg i Hedmark skuldast dei få omstillingsutdelingane i fylket at rovviltnemnda er tilbakehaldne med tiltak som fører til nedlegging av sauedrift. Omstilling som tiltak har heller ikkje fått stor plass i forvaltingsplanen for Hedmark.

 

— Vi hadde større omstillingsaktivitet i fylket på 90-talet, då det fanst ei eiga ordning på statsbudsjettet for dette. Etter at ansvaret vart overført til rovviltnemndene etter førre rovviltmelding, har det vore færre. I sonane der det er aktuelt, har andre tiltak vorte sedde som meir aktuelle. Flytting av sauer til andre beiteområde og inngjerding til dømes, seier han.

 

Grunna ferietid har det ikkje lukkast Nationen å få tal frå Fylkesmannen i Hedmark over kor mange som har søkt omstillingsmidlar dei siste åra.

 

— Kamp om midlane

Ifølgje rekneskapen for rovviltnemnda i Hedmark for 2010, har nemnda prioritert tiltak som tidleg sanking av dyr, heimebeite og flytting av sau.

 

Leiar Arnfinn Nergård i rovviltnemnda seier han aldri har oppfatta det som at nemnda har nedprioritert omstillingstiltak.

 

— Det er ikkje tilfelle, men vi har måtta bruke midlar på andre oppgåver, seier han.

 

— Når bruken av omstillingsmidlar er lagt inn i FKT-potten, er det klart det vert kamp om midlane. Det å omstille er relativt kostbart, og for eit fylke som Hedmark, som har alle dei fire store rovdyra pluss kongeørn, så har presset for andre konfliktdempande og førebyggjande tiltak auka valdsamt. Då vert det lite att til omstilling, seier han.

 

Han understrekar at han ser det som sterkt kritikkverdig at rovviltnemnda ikkje var informert om at det stod ubrukte midlar att på budsjettet for 2010 som no vert ført tilbake til staten, slik Nationen skreiv om sist veke.

 

— Slikt må aldri skje igjen, seier han.

 

— Inneber det nye rovviltforliket at Hedmark kan kome til å bruke meir midlar til omstilling framover?

 

— Det avheng av kva midlar som vert løyva frå staten. Men no skal rovviltnemndene få større avgjerdsmakt. Det må bety at vi i sterkare grad kan fatte vedtak i enkeltsaker, seier han og syner til at dersom rovviltnemnda hadde fått vurdere saka til Grue-bonden Magne Fjeldseth, som må avvikle drifta etter å ha vorte nekta omstillingsmidlar fleire gonger, så hadde saka høgst truleg fått eit anna utfall.  

 

Alle som kvalifiserer får

Fylkesagronom Kristian Wibe i Nord-Trøndelag trur ikkje det nye rovviltforliket kjem til å innebere nokon skilnad på utbetalingane av omstillingsmidlar i fylket hans.

 

— Eg ser ikkje at det kjem til å bety noko for Nord-Trøndelag sin del. Vi har jo tradisjon for å bruke omstillingsmidlar, seier han.

 

— Etter at Miljøverndepartementet i 2008 opna for at FKT-midlane også kunne brukast til omstilling, har vi sett av rundt 30—35 prosent av midlane til det og årleg brukt mellom 3 og 3,5 millionar til omstilling. Resten av midlane går til tiltak som inngjerding, tidleg nedsanking av sauer og seint utslepp, seier Wibe.

 

— Kor mange avslag på omstillingsmidlar har de gitt?

 

— Vi gir berre avslag ut frå geografi. Dersom ein gardbrukar innanfor området som er definert som yngleområde for bjørn ønskjer omstilling og meiner at gjerding ikkje vil vere godt nok, så går det automatikk i at vedkomande får omstillingsmidlar, seier han.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT