Som journalist arbeidde Finn Sjue i mange år med å kartleggje og granske høgreekstremisme i Noreg. Den no pensjonerte fyrstelektoren seier det er stor skilnad mellom den tradisjonelle høgreekstremismen og Anders Behring Breivik sitt ideologiske standpunkt.
— Det er mange som spør om Breivik sine meiningar er høgreekstremisme, slik me kjenner den frå 1970-, 80-, og 90-talet. Det er det ikkje, seier Sjue.
Han seier fiendebileta i denne høgreekstremismen var jødedom og internasjonal bolsjevisme. Den aukande innvandringa til Noreg på slutten av 1980-talet styrte søkelyset vekk frå det tradisjonelle fiendebiletet, og over i ei ny retning.
— Mellom anna fekk «Folkebevegelsen mot innvandring» som vart etablert av Arne Myrdal, forbløffande stor oppslutnad ein kort periode, seier Sjue.
LES OGSÅ: Flere tusen på markering i Hole
LES OGSÅ: Matfestival med ny klangbotn
LES OGSÅ: Milliardregning for staten
LES OGSÅ: EU øker innsatsen mot ekstreme bevegelser
LES OGSÅ: Forsvarer: - Alt tyder på at Breivik er sinnssyk
LES OGSÅ: Skal ha lagt ut terrormanifest før angrepene
LES OGSÅ: Nabo: - Dyrket aldri noen grønnsaker her
LES OGSÅ: Blir ikke straffet hvis han var juridisk utilregnelig
Han seier det ikkje er desse gruppene som no har vind i segla.
— Den nye fascismen, som eg vil kalle det, arbeider framleis for eit Noreg for nordmenn, men dei hentar det ideologiske byggstoffet frå den faren dei meiner islam utgjer for Europa, seier Sjue.
Han seier at der nynazistane trampa rundt i gatene, rører dei nye kreftene seg på nettet, i sosiale medium og diskusjonsforum.
— Det er på tide å sjå på debatten som har vorte ført i Noreg. Dei nye fascistane treng ikkje vera mange for å gjera veldig stor skade, seier Sjue.
Konspirasjonsteoriar
Fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, Lars Gule, har i fleire år fylgd islamkritiske og innvandrarfiendtlege debattar på internett. I fjor trakk han seg frå nettstaden document.no, der Anders Behring Breivik også var aktiv, mellom annan av di debatten gjekk i det Gule meiner er meir sjåvinistisk og reaksjonær.
— Kva er typisk for dagens anti-islamske debatt?
— Om du med antiislamsk meiner dei mest fiendtlege i debatten, så snakkar me eigentleg om islamofobi, seier Gule.
— Islamofobane er i krig med islam og muslimar, dei framstiller islam som ein farleg religion, og dei meiner det finst ein muslimsk konspirasjon om verdsherredøme, seier Gule.
Han seier oppfatningane om islam som trugsmål mot Europa er særs utbreidde.
— Oppfatningane blir delt av og er gitt legitimitet i det offentlege ordskiftet, mellom anna i ein kronikk av stortingsrepresentant for Frp, Christian Tybring-Gjedde som Aftenposten trykte i fjor, seier Gule.
— Debatten går føre seg over ein glideskala, der nokre brukar sterkare uttrykk enn andre. Felles er at dei har islam og muslimar som eit fiendebilete. Men graden av språkbruk og overtyding varierer, seier Gule.
— Får terroråtaket konsekvensar for den anti-islamske debatten?
— Ei kort stund, så er debatten attende til det normale, seier Gule, og syner til at aksjonsgruppa som motarbeider oppretting av eit multikulturelt senter på Stiklestad, i Aftenposten i går uttala at det Anders Behring Breivik har skrive i manifestet han offentleggjorde ikkje er så «halsbrekkende galt».
Gule seier det no må setjast i gang fagleg breitt forsking på temaet.
— Det er viktig at styresmaktene raskt løyver pengar til denne forskinga, som vil bli krevjande og ta lang tid, seier Gule.
— Frp har særskilt ansvar
Til Dagsavisen i går sa professor i samfunnsmedisin og aktiv samfunnsdebattant, Per Fugelli, at Frp må ta mykje av skulda for debattklimaet.
— Gjerningsmannen sine tankar er ikkje vorte til i det tomme rom. Dei oppstod i eit klima av stereotype fiendebilete, sa Fugelli til Dagsavisen.
Sjue seier det no ligg på alle eit ansvar for korleis debatten skal gå vidare.
— Enkelte krefter i samfunnet bør tenkjer over korleis dei med voldsome hatførestillingar mot islam kan bidra til å bera bensin til bålet, seier Sjue.
— Krefter i Frp har eit spesielt ansvar for samfunnsklimaet, seier Sjue.
PST får kritikk
I etterkant av terroråtaket har det frå ulike hald vorte reist kritikk mot PST. Dei siste åra har ikkje PST i særleg grad vektlagt mogleg høgreekstrem terror som ein fare i det norske samfunnet.
I PST sin rapport om vurdering av terrortrugsmål for 2011, er likevel islamfiendtlege grupper for fyrste gong nemnd. PST skriv at dei aktive er «først og fremst synlege på ulike sosiale medier»,. Dei islamfiendtlege gruppene har eit større rekrutteringsgrunnlag enn høgreekstreme miljø, skriv PST, «blant annet fordi medlemmene i utgangspunktet ikke assosieres med tradisjonelle høyreekstreme symboler og holdninger».
— Det siste tiåret har det vore ei ekstrem vriding av merksemda mot «den islamske faren». I iveren etter å blottleggje og gå til åtak på mogleg islamsk terrorisme har den høgreekstreme faren vorte sett til side i fleire europeiske land. Noreg er ikkje eit unntak, seier Sjue.
Han stiller spørsmålet om det er nokon som har vore litt for lite vakne.
— Det forundrar meg litt at PST ikkje har klart å fange opp meir av det som går føre seg på nettet når det gjeld det eg kallar fascismens nye ansikt, seier Sjue.
Lars Gule seier det ikkje har vore mogleg for PST å fange opp handlingsmønsteret til Breivik.
— Dei har ikkje hatt nokon grunn til å leggje særskilt merke til han, seier Gule.












