Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster

Departementet lovar svar

Statssekretær Ola T. Heggem avviser at Landbruks- og matdepartementet ikkje vil kommentere avslaget om omstillingsmidlar i rovdyrområde.

Publisert: 21.07.2011 14:49

Landbruks- og matdepartementet (LMD) ville tidlegare denne veka ikkje kommentere saka om gardbrukar Magne Fjeldseth, som må avvikle dyrehaldet etter å ha fått avslag på søknad om omstillingsmidlar i rovdyrområde.

 

Statssekretær Ola T. Heggem (Sp) i LMD presiserer no at dette skuldast at saka framleis er til handsaming.

 

— Saka inneheld fleire enkeltsaker. Nokre av desse er til slutthandsaming i Direktoratet for Naturforvalting, andre er til slutthandsaming i Mattilsynet. Vi vil ikkje uttale oss medan sakene er til handsaming, seier Heggem, og påpeikar at departementet heller ikkje driv sakshandsaming av denne typen saker i media.

 

Les også: Grue-bonde tvunget til å avvikle i ulvesonen

 

I går varsla leiar Merete Furuberg i Bonde- og småbrukarlaget at ho saman med Fjeldseth vurderer å ta avslaget om omstillingsmidlar til retten.

 

Furuberg har sjølv skrive eit ope brev til energi- og miljøkomiteen på Stortinget, til miljøvernministeren og til landbruks- og matministeren som ho forventar svar på.

 

- Fyrst vil vi høyre reaksjonane frå politikarane, og så skal vi vurdere rettssak, sa ho til nationen.no onsdag.

 

Statssekretær Heggem lovar Furuberg svar på brevet.

 

— Ho skal sjølvsagt få svar på brevet, men vi kan ikkje svare på dette nesten før brevet har kome fram, seier han.

 

- Kor tid kan Furuberg vente svar?

 

- Vi held oss til Forvaltingslova når det gjeld å svare på brev til departementet, seier han.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT