I Grue må gardbrukar Magne Fjeldseth truleg avvikle dyrehaldet etter å ha fått avslag på søknad om omstillingsmidlar til drift i ulvesona. Frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) har Nationen fått tydeleg melding om at landbruksminister Lars Peder Brekk og departementet ikkje vil kommentere saka.
- Det går ikkje an, seier leiar Merete Furuberg i Bonde- og småbrukarlaget.
- Må ta tak
Ho har sjølv skrive eit ope brev til energi- og miljøkomiteen på Stortinget, til miljøvernministeren og til landbruks- og matministeren som ho forventar å få svar på.
- Det er politisk vedteken rovviltpolitikk at dei som har beiterettar i utmark ikkje skal verte skadelidne. Når det då likevel skjer, så må sentrale politikarar ta tak, seier ho.
Saman med gardbrukar Magne Fjeldseth har Furuberg diskutert å ta saka til retten.
- Fyrst vil vi høyre reaksjonane frå politikarane, og så skal vi vurdere rettssak, seier ho.
Ho ser det ikkje som noko alternativ å ikkje få svar frå politisk hald.
- Eg kan ikkje skjøne anna enn at dei er nøydde for å svare på ei så alvorleg sak, seier ho.
- Brekk er ansvarleg
Bondelagsleiar Ståle Støen i Hedmark Bonde- og småbrukarlag seier at han tok opp saka om omstillingsmidlar med landbruks- og matminister Lars Peder Brekk under eit møte i fjor haust, også då utan å få kommentar.
- Mattilsynet sorterer under LMD og dermed er Brekk til sjuande og sist ansvarleg for at Magne Fjeldseth no har fått pålegg frå Mattilsynet utan at saka om støtte til omstilling har fått tilfredsstillande handsaming, seier Støen.
Gunnar Gundersen frå Høgre, er blant stortingspolitikarane som har engasjert seg i saka til Magne Fjeldseth i Grue.
- Denne saka er noko av bakgrunnen for engasjementet mitt rundt rovviltpolitikken, som eg meiner råkar enkeltpersonar svært hardt. No har vi kome eit stykke på veg med politikken, men eg er ganske sjokkert over at Fjeldseth ikkje får omstillingsmidlar, seier Gundersen.
- Er avslaget Fjeldseth har fått i tråd med rovviltforliket?
- Det trur eg ikkje. Det er i alle fall ikkje i tråd med Høgre-politikk. Dei som tapar rettar på grunn av nasjonal politikk, skal få erstatning for tapet, seier Gundersen.
- Kva råd vil du gje Fjeldseth?
- Eg ville ha prøvd saka rettsleg om ein ikkje får gjennomslag på anna vis.












