Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
Statssekretær Ola T. Heggem vil ikke kommentere saken om bonden i rovdyrområde som får avslag på søknad om omstilling og må avvikle dyreholdet. Arkivfoto

Statssekretær Ola T. Heggem vil ikke kommentere saken om bonden i rovdyrområde som får avslag på søknad om omstilling og må avvikle dyreholdet. Arkivfoto

Taus om avvikling av dyrehald

Landbruksdepartementet har ingen kommentar til at gardbrukar Magne Fjeldseth må avvikle dyrehaldet etter å ha fått avslag på søknad om omstillingsmidlar i rovdyrområde.

Publisert: 20.07.2011 13:25
Magne Fjeldseth i Grue fulgte oppfordringen om å legge om driften på grunn av rovdyrtap.

Magne Fjeldseth i Grue fulgte oppfordringen om å legge om driften på grunn av rovdyrtap.

Kart

I går skreiv Nationen om gardbrukar Magne Fjeldseth i Grue som i juni 2006 fekk pålegg frå Mattilsynet om «å skille mellom beitedyr og rovdyr, slik at skade ikke oppstår, dersom det fortsatt er revirhevdende ulv i ditt beiteområde». Fristen var fem dagar. Same år vart gardbrukaren nekta erstatning for tap av rovdyr.


For å kunne halde fram som gardbrukar i ulvesonen, starta Fjeldseth den gongen ein provisorisk overgang til storfe, som inneber at han mellom anna brukar det gamle sauefjøset til storfe.


Seinare fekk han avslag på søknad om omstillingsmidlar frå Fylkesmannen fordi han «i praksis allerede har gjennomført en omstilling».
Avslaget på omstillingsmidlar vart i april 2010 anka inn til Direktoratet for naturforvalting (DN), som førre veke gav avslag på anke og melding om at vedtaket er endeleg og ikkje kan påklagast.


Nationen tok i går kontakt med Landbruks- og matdepartementet, og fekk til svar at statssekretær Ola T. Heggem ikkje ønskte å kommentere saka.


Departementet svarte heller ikkje på spørsmål om kor vidt vedtaka i Fjeldseth si sak er i tråd med det nye rovviltforliket, eller på om departementet vil åtvare andre bønder mot å starte omstilling før endeleg vedtak om omstillingsmidlar er fatta.

 

Les også:

 

Mattilsynet vil fjerne storfe — DN vil flytte sauene

 

Småbrukarlaget: — Et alvorlig overgrep

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT