Medan Sverige av enkelte blir trekt fram som eit føregangsland i matprisdebatten, viser utviklinga i det svenske jordbruket medaljens bakside.
Etter avreguleringa av jordbruket rundt 1990, og medlemskapen i EU nokre år seinare, har svenske bønder i stadig sterkare grad tapt terreng til fordel for billig importmat.
Det viser statistikk over kjøttimporten og sjølvforsyningsgraden som Nationen har henta inn frå det svenske Jordbruksverket.
Berre halvparten av biffen er svensk
I dag er knapt nok halvparten av biffen ein får kjøpt i Sverige svenskprodusert, og også for dei fleste andre arbeidsintensive jordbruksproduksjonane peiker pilene kraftig nedover.
Frå å ha vore netto eksportør av fleire kjøttslag, er Sverige i dag avhengig av stor kjøttimport for å dekkje etterspørselen.
Sjå oversikt over svensk import og eksport av jordbruksvarer her.
Billig import har sett økonomien til svenske bønder under kraftig press og nedleggingstakten er stor.
Stor kontrast til Norge
Nedgangen i det svenske jordbruket står i sterk kontrast til situasjonen her i landet, der norske bønder stort sett klarer dekkje etterspørselen etter varene det er naturleg grunnlag for å lage.
Sjå SLFs marknadsrapport for 2010 og totaloversikten for norsk produksjon av grøntvarer dei ti siste åra.
Den norske sjølvforsyningsgraden er også omtalt på side 48 og 49 i denne SLF-rapporten.
Ekspertar og bondeorganisasjonar peiker på ulik landbrukspolitikk og rammevilkår som forklaring på forskjellane mellom landa.
— Klarer ikkje konkurrere
— Svenske bønder slit kraftig og har store problem med å oppretthalde produksjonen. Nedgangen kjem sjølv om svensk jordbruk har rasjonalisert kraftig i lang tid, og det viser at det er svært utfordrande å konkurrere fritt med land i Aust-Europa, seier direktør Ivar Pettersen i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf).
Avregulering og EU-tilpassing
Han viser til at nedgangen i det svenske jordbruket er ein konsekvens av avreguleringa på slutten av 80-talet og ei tilpasning til EU, der ein fri marknad for jordbruksprodukt er eit berande element. Prisfallet er ikkje kompensert med auka budsjettstøtte.
— Økonomien i det svenske jordbruket er kraftig pressa, og spesielt i arbeidsintensive produksjonar har dei problem med å konkurrere mot land med langt lågare arbeidskraftkostnader. Det er også investert altfor lite i jordbruket og jordbruksindustrien i Sverige, seier
Pettersen.
Samvirke-trøbbel
Han viser til at det svenske kjøttsamvirket Swedish Meats kollapsa for fleire år sidan. Meierisamvirket Arla blir også i stadig større grad overtatt av danskar.
— Endringane har fått drastiske konsekvensar i Sverige, medan her i landet er landbruket meir robust. Det har med landbrukspolitikken å gjere, seier Pettersen.
Drøymer om norske vilkår
Den svenske bondeorganisasjonen LRF, Lantbrukarnas riksförbund, liker utviklinga dårleg. Dei legg ikkje skjul på at dei misunner norske bønder.
— Vi misunner inntektene og arbeidsvilkåra som norske bønder har, og den omsorga som norske politikarar har for landsbygda. Vi har ei regjering som er langt meir frihandelsvenleg, og kontrasten til situasjonen i Norge er stor, seier leiar Helena Jonsson i LRF.
- Høge kostnader
Ho seier at avreguleringa av jordbruket ikkje slo positivt ut for den svenske produksjonen. Kombinert med høge kostnader og strenge dyrevelferdskrav meiner ho det har bidratt til nedgangen.
— Prisen vi får for maten blir avgjort av verdsmarknaden, men kostnadene våre blir avgjort i heimemarknaden. Det er ei stor utfordring for landbruket, seier ho.
Håper på verdioppgang
Verdien av den svenske jordbruksproduksjonen har ifølgje Jonsson lenge gått ned med 2 prosent i året. Målet er å snu det til ein oppgang på 1 prosent årleg. Å snu nedgangen i sjølvforsyningsgrad er derimot så langt fram at det er ikkje eit mål for LRF.
— Viss vi klarer snu nedgangen i verdi, så skal vi vere svært nøgde. Volum og sjølvforsyning er langt verre, men det hadde vore eit bra mål for våre politikarar, seier ho.
— Kraftig varsku
Bondeorganisasjonane i Norge meiner den kraftige nedturen for svensk jordbruk må vere eit varsku for norske politikarar.
— I Sverige er produksjonen sentralisert og rasjonalisert, og i tillegg er naturen og klimaet gunstigare enn i Norge. Når svenske bønder likevel ikkje klarer konkurrere, så viser det svært tydeleg at eit aktivt grensevern må til for å oppretthalde den norske matproduksjonen. Det må vere eit kraftig varsku for norske politikarar, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.
- Bra modell, men underfinansiert
Bjørke seier matprisane i Sverige er høgare inni landet enn ved grensa til Norge, men at det likevel ikkje er nok til å oppretthalde produksjonen. Han meiner utviklinga i Sverige må vere ein kraftig vekkjer for dei som ønskjer å «sleppe bonden laus» i Norge.
— Alt er ikkje ideelt her heller, men samanlikna med landa rundt oss klarer jordbruket seg rimeleg bra her. Den landbrukspolitiske modellen er bra, men den er underfinansiert, seier Bjørke.
Åtvarar mot å kopiere svensk politikk
Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag åtvarar også kraftig mot å kopiere den svenske jordbrukspolitikken.
— Slagorda om å sleppe bonden fri er ein rein utopi. Om landbrukspolitikken blir lagt om i svensk retning, så vil vanskeleg terreng og tøft klima gjere konsekvensane for norske bønder endå større enn det vi har sett i Sverige. Ein skal heller ikkje dra langt over svenskegrensa før ein ser resultatet i form av avfolka bygder. Det må vere eit varsku for politikarane, seier Furuberg, som saman med Bjørke meiner kontrasten til «söta bror» er stor.











