— Om Noreg må endre regelverket, kan det få konsekvensar langt ut over Noreg, seier Nei til EU- og EØS-ekspert Dag Seierstad.
Han seier det blir eit spørsmål om grunnlaget for ILO-konvensjonane, og om EU kan setje til side ILO-konvensjonar.
— Det kan føre til at ILO-byggverket rasar både for Noreg og EU, seier Seierstad.
—I pålegget har ESA einsidig lagt vekt på Rüffert-dommen frå 2008. Men EFTA-domstolen kan ta ein breiare diskusjon, seier Seierstad, som seier han trur saka til slutt vil ende i EFTA-domstolen.
— Men eg er ikkje optimistisk, seier han.
Noreg strengare enn EU
Noreg praktiserer frå før av eit strengare regelverk enn det EU krev. EU har for medlemslanda sett 1,6 millionar som nedre grense for når ei teneste må ut på anbod. Bondevik 2-regjeringa auka den nedre grensa frå 200.000 til 500.000 i 2005. Anbodsgrensa har vore uendra sidan då, trass i at den raudgrøne i Soria Moria 1-erklæringa ynskte å auke grensa til oppunder EU-nivå.
Seierstad seier det er uaktuelt for Noreg å innføre same regelverk for det private.
— Det ville bli ei brutal omlegging av norsk politikk, som ingen til no har foreslege, seier Seierstad.
— Det viktigaste er at heile måten arbeidslivet vårt er organisert på vil bli skuva til side. Dei langsiktige verknadene kan skapa eit heilt anna Noreg enn me har i dag, seier Seierstad.
I ein e-post frå Arbeidsdepartementet får Nationen opplyst at frå statssekretær Jan Erik Støstad (Ap) at regjeringa, om det blir nødvendig, vil prøve saka rettsleg.
— ILO-konvensjon 94 er særs viktig i regjeringa sitt arbeid mot sosial dumping, skriv Støstad.
NHO krev endring
Føresegna om løns- og arbeidsvilkår i offentlege innkjøp er gitt for å styrke vernet til arbeidstakarane. NHO meiner føresegna er i strid med EØS-avtalen, og reagerer på at føresegnene berre gjeld for oppdragsgivarar som leverer tenester til det offentlege.
— Oppfatninga vår er at det må stillast like krav uansett om bedrifta arbeider for det offentlege eller private. I tillegg skal konkurransegrunnlaget vera tydeleg når det gjeld lønn og arbeidstid, noko føresenga ikkje er, seier Nina Melsom, som er avdelingsdirektør i NHO si arbeidsrettsavdeling.
Ho seier at NHO sidan 2008 har bede om dialog med regjeringa om å endre loven i tråd med EØS-avtalen.
— Det må vera likebehandling for det private og det offentlege, og så kan me diskutere kva verkemiddel som er naturleg å ta i bruk.
Arbeidstakarar har like stort behov for vern uansett om dei arbeider for det private eller offentlege, seier Melsom.
Ho seier det må setjast i verk tiltak om konsekvensen ei endring i føresegnene blir uforholdsmessige låge lønningar.
— Det kan til dømes innførast ei minstelønn gjennom allmenngjeringsloven. NHO er for eit ordentleg og seriøst arbeidsliv og kan ikkje akseptere uverdige lønns- og arbeidsvilkår, seier Melsom.
Sosial dumping
— Om føresegna blir endra vil det føre til meir sosial dumping. Det er det neppe tvil om, seier leiar i LO Oslo, Roy Pedersen.
I dag har mellom anna byggjearbeidarane og reinhaldarane fått innført allmenngjering av tariff. Ifølgje Roy Pedersen vil det ikkje vera mogleg å innføre allmenngjering for alle yrkesgrupper.
— Eg er tilhengjar av allmenngjering av tariffavtalar. Men om allmenngjering av avtalar skal tilfredsstille ESA sine krav, må alle sektorar allmenngjerast. Det vil komplisere allmenngjeringsloven monaleg, seier Pedersen.
Han seier konsekvensen vil bli ein debatt om politisk bestemt minsteløn.
— Dette er fagrørsla sterkt mot, seier Pedersen.
Han vonar regjeringa står løpet ut, og at saka hamnar i EFTA-domstolen om ESA ikkje gir seg.
— Det er viktig for fagrørsla å få avklara om EØS-avtalen overstyrer ILO-konvensjonane. Er det FN-systemet sin juss eller EØS-avtalen som skal gjelde? seier Pedersen.
ESA seier i pålegget at Noreg ikkje har høve til å stille ulike krav til det offentlege og det private.
— Det er viktig for fagrørsla å få avklara om EØS-avtalen overstyrer ILO-konvensjonane. Er det FN-systemet sin juss eller EØS-avtalen som skal gjelde? seier Pedersen.












