Etter at Løten og Vang beitelag i Hedmark gjekk ut og kritiserte ulveaktivistar for bevisst å hindre gjennomføring av ei offentleg vedtatt og finansiert skadefelling av ulv, tar personar på vernesida til motmæle.
Avviser forsøk på å hindre jakt
Ein som seier han heiter Dag Bjørndal, og som skal vere ein av hovudpersonane bak i miljøet bak ei nettside om rovdyrpolitikken, avviser at han eller likesinna har sabotert eller hindra ulvejakta.
- Vi er mektig provosert over påstandane som blir sett fram. Vi har ikkje prøvd å hindre jakta og vi bryr oss ikkje om den. Vi er berre ute i terrenget for å observere utmarka og sauen, seier Bjørndal til Nationen.no.
Ueinig i grunnlaget for fellingsløyve
38-åringen, som seier han bur på Våler i Solør, seier seg samtidig ueinig i at det er gitt løyve til å felle ulv i det aktuelle området.
Han meiner vedtaket er fatta på sviktande grunnlag, men at dei likevel ikkje prøver å motarbeide ulvejakta.
- Tuting var eingongstilfelle
- Vi saboterer ingen. Det blir sagt at det blir tuta med bilar, men det var berre ein episode den 31. mai. Vi har ingen interesse av å øydeleggje for jakta, seier Bjørndal.
- Kvifor oppheld de dykk då i jaktområdet?
- Vi observerer området, og i den siste fellingsperioden var vi ikkje ein gong i same området som jaktlaget, seier han.
At bøndene skal sakne rundt 70 sauer kallar han "blank løgn", og han meiner at konfliktene rundt rovdyrpolitikken snarare vil eskalere enn bli dempa i kjølvatnet av rovdyrforliket.
- Må slutte å tru at dei er gudar
- Bøndene må slutte å tru at dei er gudar. Dei eig ikkje utmarka, og vi blir mektig provosert over måten dei går fram på, seier han.












