Leiaren i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget er i Oppland for å diskutere rovdyrforliket og kva som skal gjerast vidare med lokalbefolkninga.
- Eg krev at skjønnsutøvinga til forvaltinga vert tilpassa forliket, seier Erling Sande (Sp).
Besøket i nordre Oppland er årsaka til at han understrekar behovet for rask handling i lys av rovdyrforliket:
- På møte i Vågå i går kveld vart eg gjort merksam på at Fylkesmannen i Oppland ikkje vil gjere endringar i rovdyrforvaltinga før lov og forskrift er endra. Fylkesmennene i Hedmark og Trøndelag har derimot fulgt signala frå rovdyrforliket, seier Sande.
Les også: Bondelaget ber Solheim sette rovdyrforliket ut i handling
Sande: - Kritisk viktig i Oppland
Han peiker på at oppmodinga er særs viktig i regionen han besøker. Like før han prata med nationen.no høyrde om sauer som truleg har vorte drepne av rovdyr i Ottadalen.
Sande ser ingen grunn til å tape meir tid før ein haustar fruktane av rovdyrforliket.
- Vi skal halde oppe trøkket på dei delane av forliket der vi er avhengige av lov- eller forskriftsendring. Men der skjønn kan utøvast er det ingen grunn til å vente eit sekund med å setje forliket i verk i forvaltinga. Det gjeld mellom anna uttak av skadedyr, som dei har teke konsekvensane av i Hedmark og Trøndelag.
- Stortinget har sendt eit solid bodskap. Skjønsmessig tilpassing i forvaltinga er kritisk i denne regionen, seier Sande frå nordre deler av Oppland.












