Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
Erling Sande (Sp) mener det er nok vern av landeareal i Fastlands-Noreg.

Erling Sande (Sp) mener det er nok vern av landeareal i Fastlands-Noreg.

33 prosent auke i fastlandsvernet

16 prosent av landarealet i Fastlands-Noreg var verna ved utgangen av 2010. Erling Sande i Senterpartiet meiner det får halde.

Publisert: 29.06.2011 19:31

16 prosent av landarealet på det norske fastlandet var ved utgangen av 2010 definert som verna område. Det viser ferske tal  frå Statistisk sentralbyrå (SSB). For seks år sidan var andelen 12 prosent. Det vil seie at fastlandsvernet har auka med 33 prosent dei siste seks åra.

 

88.000 verneområde

Medrekna Svalbard har talet på verna område i Noreg passert 88.000. I løpet av 2010 vart det mellom anna oppretta éin nasjonalpark, 99 naturreservat og 8.829 arkeologiske kulturminne, ifølgje SSB. Noreg har til saman 40 nasjonalparkar, der 33 ligg på fastlandet og sju på Svalbard.

 

Les også: Godt nøgde med ny forvaltningsmodell for vern

 

Ifølgje Erling Sande (Sp), leiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, skriv auken i verneandelen seg mellom anna frå fullføringa av nasjonalparkplanen.

 

- Vi bør ikkje ha særleg meir vern no. I staden for må vi konsentrere oss om å følgje opp områda som er verna, seier han.

 

H: - Makt framfor prinsipp

Komitekollega Bjørn Lødemel frå Høgre har vanskeleg for å forstå at Sp kan stå inne for regjeringa sin vernepolitikk.

 

- Miljøverndepartementet og SV styrer med støtte frå Ap. Sp er så maktkåte at prinsippa om eigedomsrett og lokal sjølvråderett får vike, seier Lødemel.

 

Erling Sande legg ikkje skjul på at regjeringspartia har ulike innfallsvinklar til kva som er best vernepolitikk.

 

- Dei som kikar på stortingsprogramma veit at partia har forskjellig syn. Det som er viktig for Sp no er at vi må følgje opp verneområda, seier han. Ifølgje Sande bør oppfølginga av verneområda mellom anna føre til at forvaltingsplanane ikkje vert drepande detaljstyrte.

 

- Er vernepolitikken prega av at SV leier Miljøverndepartementet?

 

- Den er prega av politikken Stortinget har vedteke. Men det ville sett annleis utan Sp i regjering. Vernepolitikken er ikkje ein blåkopi av partiprogrammet vårt, men vi har fått gjennomslag på viktige område, seier Sande.

 

Les også: Dømte Hjartdalbønder vil ha verneopprør

 

Ingen store verneplanar

Statssekretær Heidi Sørensen (SV) i Miljøverndepartementet seier Erling Sande har rett i at dei i stor grad må konsentrere seg om forvalting av dei eksisterande verneområda framover.

 

- Vi skal sluttføre nasjonalparkplanen og den eine fylkesvise planen som står att, men vi har ikkje vidare planar om nye store verneområde, seier Sørensen.

 

Ho trekk likevel fram to typar område ho meiner er underrepresentert når det gjeld vern: Skog, der frivillig vern er det mest aktuelle, og marint vern, som Sørensen omtaler som upløgd mark. Ifølgje statssekretæren vil eventuelle nye nasjonalparkar primært verte initiert frå lokal hald.

 

Sørensen seier lokale interesser alltid har vore viktige i verneprosessar.

 

- Tidlegare har dei har kome med innspel, medan i den nye forvaltingsmodellen er lokale styre med i sjølve forvaltinga.

 

Bjørn Lødemel i Høgre meiner dei nye nasjonalparkstyra er lokal forvaltning med påhalden penn.

 

- Detaljerte brev frå direktorat og departement tek vekk det lokale styret og fjernar handlingsrom, seier han.

 

Innafor rammer

Sørensen peiker på at forvaltning av verneområda må skje innafor rammene av naturmangfaldlova og verneforskrifta.

 

- Utsegna til Lødemel må stå for hans rekning. Styra er myndigheit i første instans, nett som Fylkesmannen var.

 

Sørensen legg ikkje skjul på at spørsmål om vern kan vere omstridde, men ho meiner vernepolitikken ikkje har vore særleg vanskeleg regjeringspartia mellom

 

- Vi har samarbeida godt, om ny forvaltingsmodell og gode vedtak. Senterpartiet har mange grunnar til å vere stolt av vernepolitikken, nett som SV og Arbeiderpartiet bør vere stolte.

 

Det seier miljøpolitisk talskvinne Eirin Sund i Arbeiderpartiet seg samd i:

 

- Ting er ikkje svart-kvitt. Ytterpunkt i både regjeringa og partia er grunnlaget for gode drøftingar og gode løysingar, seier Sund.

 

 

Les mer i Nationens papirutgåve torsdag.

 

Avisa finst også i digital variant.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..