59 prosent av kvinnene svarar at dei er mot å slå saman kommunar med tvang, viser meiningsmålinga Sentio har gjort for Nationen. 43 prosent av mennene seier dei same.
35 prosent av dei spurte seier dei er positive til å bruke tvang for å slå saman kommunar, 15 prosent har ikkje teke standpunkt i spørsmålet.
Mest nei i KrF og Sp
Motstanden mot bruk av tvang for å slå saman kommunar er størst blant Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti sine veljarar. 71 prosent og
67 prosent seier nei til å tvinga kommunane til å slå seg saman.
Mest positive til å slå saman kommunar med tvang er Høgre og Venstre sine veljarar, 53 og 52 prosent av dei svarar at dei er for.
Vanskelegast er spørsmålet i SV. Halvparten av dei som ville røysta SV ved det komande kommunevalet seier nei til å slå saman kommunar med tvang. Ein firedel av SV-veljarane seier ja til bruk av tvang, den siste firedelen veit ikkje kva dei meiner i saka.
Nøkkelspørsmål
— Det er ei sjølvmotseiing at det i eit liberalt demokrati skal vere alle andre enn dei som bur i ein kommune skal bestemme om kommunen skal slåast saman med ein annan kommune, seier Ole Gustav Narud (Sp), ordførar i Åmot kommune i Hedmark og leiar av Lokalsamfunnforeininga.
Spørsmålet om tvang eller ikkje ved endringar i kommunestrukturen, var det som for eit par år sidan fekk ordførarar frå 149 av landets kommunar til å organisere seg i foreininga.
— Temaet samlar kommunar på kryss og tvers i landet, og på kryss og tvers av alle former for partigrenser, seier Narud.
Formyndarstat
Han seier han finn det merkeleg at særleg Høgre og Venstre snakkar så vart for bruk av tvang for å endre kommunestrukturen.
— I min ungdom snakka Høgre om den forferdelege formyndarstaten, staten som veit best, også for enkeltmenneska. For meg er det ufatteleg at både Høgre og Venstre, som framstillar seg som liberale parti, over hovudet kan forsvare bruk av tvang når det gjeld organisering av kommunar.
Sørlendingane seier nei
Motstanden mot kommunesamanslåing er størst på Sørlandet, der svarar 63 prosent av dei spurte at dei er imot. Minst motstand er det Oslo og Akershus, der 42 prosent seier dei er imot, 41 prosent seier dei er for bruken av tvang.
— Om vi ser oss rundt i Europa, ser vi både at kommunane våre ikkje er spesielt små, og at kommunane våre sine arbeidsoppgåver ikkje er spesielt store. Ingen ting seier at kommunestrukturen må endrast. Skjer det, er det eit reint politisk val, seier Narud.
Han meiner det er viktig at spørsmålet rundt kommunestruktur ikkje blir gjort vanskelegare enn det er.
Gode argument
— Det er gode argument for samanslåing og gode argument mot. Samanslåing og samling av tenester vil gi større fagmiljø, for eksempel ved legekontoret, og det er bra. Men samstundes vil det innebere at nokre får lenger avstand til legekontoret. Kan hende er legevaktsamarbeid ei betre løysing, seier Narud.
— Alternativet som har vore der heile tida, og som blir brukt, er interkommunalt samarbeid. Det blir hevda at det representerer eit stort demokratisk problem. Men er det ikkje eit demokratisk problem at formyndarstaten valsar over folket sine ønskjer når det gjeld kommunestorleik, seier Narud.
Snakkar varmt for frivillig kommunesamanslåing
Frivillig kommunesamanslåing inviterer til samarbeid for gode løysingar. Tvang kan få folk i skyttargravene. Det seier Ole Tom Guse, ordførar i Forsand kommune.
Sist veke vedtok kommunestyret i Forsand kommune i Rogaland med overveldande fleirtal å ikkje arbeide vidare for samanslåing av kommunane Strand og Forsand. Av 17 representantar røysta to mot, det var dagens ordførar Ola Tom Guse og gamleordføraren Torstein Haukalid. Begge representerer KrF.
Kommunesamanslåing har lenge stått på dagsorden i regionen, og Ryfylke IKS, eit interkommunalt selskap for kommunane Finnøy, Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda, engasjerte Telemarksforsking til å greie ut fordelar og ulemper ved forskjellige alternative kommunesamanslåingar.
Kommunane skulle så sjå om dei ville gå vidare. Dei fleste kommunane har vald å seie nei, no sist Forsand, ein kraftkommune med 1174 innbyggjarar. For Forsand var ei samanslåing med Strand og Hjelmeland mest aktuelt.
Ordførar Guse seier han ikkje er i tvil om at det til slutt vil bli samanslåing, anten gjennom direkte tvang eller ved at kommunane blir pålagt så store oppgåver at dei må organisere seg i større einingar. Han spår at dagens kommunestruktur er endra innan 20 år.
— Vi hadde nettopp møte med rogalandsbenken på Stortinget. Beskjeden var klar, det går mot andre inndelingar.
I kommunestyret røysta ordføraren også for å arbeide fram ein felles politisk plattform for ein ny kommune, sett saman av fleire tidlegare kommunar.
— Gjennomfører vi folkerøysting i dag, veit vi at folk vil røyste nei fordi dei ikkje veit kva ei samanslåing vil innebere. Blir det laga ein politisk plattform som seier noko om skule, barnehage og samferdsle, veit dei kva dei røystar over.
Ordføraren trur også at ein tilsynelatande enkel ting som å gi det nye kommuneprosjektet eit eige namn, og ikkje behalde eit av dei eksisterande kommunenamna, kan bety mykje for haldninga til samanslåing.
Forsand er ein kraftkommune, har 1174 innbyggjarar, og er ein kommune i vekst.
Guse fortel at det historisk har vore politisk motsetnad mellom nabokommunane, og at det har spissa seg kraftig til dei siste seks-sju åra då kommunane har hatt ulike meiningar om store samferdsleutbyggingar.
— Motsetnaden er der heile tida, og blir også uttalt. Men eg vil understreka at vi kan samarbeide godt også, seier Guse.












