Meieriselskapet unngår dimed bot på 30 millionar.
- Me er sjølvsagt særs tilfredse med at Høgsterett har funne at Tine ikkje har overtrådd konkurranseloven, seier konsernsjef i Tine, Hanne Refsholt.
Her kan du lese heile domsavgjersla frå Høgsterett
Les ogå: Dette er saken mellom Tine og Konkurransetilsynet
Tine fekk i 2007 45 millionar i bot frå Konkurransetilsynet for å på ein utilbørleg måte ha utnytta marknadsposisjonen sin som ein stor aktør i forhandlingar om bransjeavtalar med Rema 1000 og ICA hausten 2004.
Tine aksepterte ikkje bota, og gjekk rettens veg. I Tingretten vart Tine frikjend. Lagmansretten frikjende Tine på to av tre anklagepunkt, og Høgsterett har no frikjend Tine på det siste punktet, påstanden om utilbørleg utnytting av dominerande stilling i kjedeforhandlinagne i 2004.
- Saka har pågått i nesten sju år. At Tine no er frikjende er ei oppreising for Tine som selskap og dei tilsette i Tine, seier Refsholt.
- Avgjersla frå Høgstrett er viktig for å definere kva handlingsrom store leverandørar har. Spørsmålet som har vore reist er om store leverandørar har moglegheit til å fremje gode tilbod, som kan fremje konkurranse og lågare prisar, seier Refsholt.
Mager trøyst for Tine
Professor ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo, Erling Hjelmeng, seier det er ein stor siger for Tine, men at denne sigeren ikkje vil få så stor merksemd som då saka sprakk.
- Den eigentlege belastninga kom då. Skaden frå den gong er nok repartert no. Slik sett er det ei mager trøyst for Tine, men det er uansett ein stor siger, seier Hjelmeng.
Høgsterettsdommen kom med knappast mogleg fleirtal, tre mot to stemmer. Fleirtalet meinte Tine ikkje har brukt uakseptable verkemiddel, medan mindretalet ynskte å peike på ansvaret som ein dominerandde aktør har for å ta vare på konkurransen i marknaden.
Hjelmeng har ikkje lese dommen enno.
- Det blir interessant å sjå om Høgsterett har funn at Tine gjorde det dei var anklaga for, men at retten ikkje vuderer det som misbruk av dominerande stilling, eller om det Tine var anklaga for ikkje har rot i verkelegheita, seier Hjelmen.
Ikkje blankofullmakt til leverandørane
Direktør i Konkurransetilsynet, Christine B. Meyer, seier at tilsynet tek til etterretning at fleirtalet i Høgsterett har kome til at Tine sine handlingar ikkje er misbruk av dominerande stilling.Ho er ikkje redd for at dommen fører til at store leverandørar vil auke bruk av marknadsmakt i bransjeforhandlingane med daglegvarekjedene.
— Eg oppfattar ikkje at Høgsterett seier dette er noko leverandørar kan gjera, seier Meyer.
Matkjedeutvalet kom i vår med framlegg om å innføre ein lov om god handelsskikk. Meyer ynskjer ikkje å kopla desse sakene.
— Det var viktig å få ei avklaring i utnytting av dominerande stilling. Eg kan ikkje sjå at det får implikasjonar for framlegget til kjedeutvalet, seier Meyer.
Les også: Tine-saken byrjar i Høgsterett
Les også: Tine-saka i Høgsterett
Les også: Høyesterett akspeterer Tine-anke












