Dei øvste folkevalde i landet får kritikk frå veterinær Eivind Liven som er rådgjevar med Mattilsynet. Han kallar rovdyrforliket «papirprega» og ikkje realistisk. Liven er tidlegare direktør og veterinærdirektør ved i Statens dyrehelsetilsyn.
- Politikarane er uvillige til å gå inn i problemstillinga slik ho faktisk er. Dei tør ikkje ta upopulære avgjersler, seier Liven.
Han meiner forliket ikkje skil klart nok mellom beiteområde og rovdyrområde, og vil ha strengare definerte område.
Les heile teksten i rovdyrforliket her.
- Prinsipielt skulle politikarane sagt; her er skal det vera rovdyr, og her skal det vera beitedyr. Rovdyr vil alltid gå etter fersk og fin mat. Dette vil framleis vera eit problem for beitedyra, seier Liven.
Han seier forliket syner at politikk blir viktigare enn andre perspektiv og målsetnader, som å oppfylle krav om god og etisk dyrevelferd.
- Det er sjølvsagt bra at partia er samde om noko. Men ein må spørje seg kva målsetnaden er. Eg meiner dyrevelferd i utmarksbeite skal ha høge etiske standardar. Det er umogleg så lenge det finst rovdyr og beitedyr på same område, seier Liven.
Han seier at det norske beitedyr blir utsett for ikkje samsvarar med den internasjonale standarden for dyrevern.
- Dei tapa norske besetningar opplever gjennom ein beitesesong er heilt uakseptable, seier Liven.
- Bønder blir lurt
Liven meiner bøndene blir leidd til å tru at situasjonen skal bli betre, og at forliket skapar berre taparar og ingen vinnarar.
- Både bønder som gruppe og einskildvis vil få same problema som før. Det er berre i Edens Hage at lam og ulv kan leva side om side, seier Liven.
Ei årsak til at Liven er kritisk til rovdyr og beitedyr side om side er at han meiner tiltak mot tap av rovdyr ikkje har fungert.
- Mange tiltak har vore prøvd ut med mindre hell. Å bygge høge gjerde er dyrt og lite realistisk. Det er heller ikkje mogleg å gjete dyr på beite i Noreg, seier Liven.
Bønder som driv i område med rovdyr må difor å få kompensert skikkeleg for å leggje om drifta, meiner Liven.
Eit steg i rett retning
Partia på Stortinget meiner torsdagens forlik er eit steg i rett retning, og at forliket i stor grad svarar på Liven sin kritikk.
- Eg er ikkje samd i kritikken. Forliket tydeleggjer kvar det skal vera rovdyr og kvar det skal vera beitedyr, seier Arbeidarpartiet sin representant i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Eirin Sund.
Ho seier forliket er tydeleg på at rovdyr skal takast ut i beiteområde.
- Det skal ikkje vera rovdyr der det er beitedyr. Dette er ei oppstramming sidan det førre forliket, og imøtekjem utfordringa frå Liven, seier Sund.
Ho meiner det må vera mogleg å ha to tankar i hovudet.
- Rovdyra må også vera ein stad. Der det ikkje er mogleg å ha både rovdyr og beitedyr, må bøndene kompenserast, seier Sund.
- Betre enn 2004
Senterpartiet sin rovdyrpolitiske talsmann, Erling Sande, seier forliket må haldast opp mot rovdyrforliket frå 2004.
- Endringane går då i retning av det Livland, og Senterpartiet, ynskjer, nemleg at det skal takast tydlegare grep overfor rovdyr i beiteområde, seier Sande.
Han er ikkje samd med Liven i at bønder i rovdyrområde må leggje ned drifta.
- Det er for sterkt å flytte heile landbruket inn i beitedefinerte område. Senterpartiet er skeptiske til å leggje ned beitebruk i så store område som det då vil vera prat om, seier Sande.
Kompromiss
Ketil Solvik-Olsen i Framstegspartiet seier han forstår poenget til Liven.
- Men dette er eit kompromiss, der eit parti ikkje avgjer åleine. Kampen står mellom dei som meiner me bør ha mest mogleg rovdyr i Noreg, og dei som vil ta omsyn til beitedyr, seier Solvik-Olsen.
Han seier forliket legg opp til å kunne ta ut ein større del av skadedyra, og raskare enn i dag.
- Me får aldri vasstette skott mellom rovdyr og beitedyr. Me klarar ikkje å dele Noreg inn i ein dyrepark og ein friluftspark. Difor må det satsast meir på førebyggjande tiltak i rovdyrsonene, seier Solvik-Olsen.
Høgre sin rovdyrtalsmann, Bjørn Lødemel, er heller ikkje samd med Liven.
- Eg meiner me i forliket er klare på at det ikkje skal vera beitenekt på grunn av rovdyr i beiteområde. Her skal rovdyra vike, seier Lødemel.
Han har stor tillit til at dei regionale rovviltnemndene klarar å prioritere opp beiteområda.
- For Høgre var det viktig å få inn at bønder skal ha erstatning frå dag éin om det blir innført beitenekt i rovdyrområde, seier Lødemel.
LES OGSÅ: Navarsete: - Det viktige nå er å følge opp rovdyrforliket
LES OGSÅ: Delte regionale reaksjonar på rovviltforliket
LES OGSÅ: Norskog: - Et magert rovviltforlik
LES OGSÅ: Reindriftsleder: — Våre dyr vil fortsatt bli drept
LES OGSÅ: Småbrukarlaget mener rovdyrforliket er positivt
LES OGSÅ: Foreningen Våre Rovdyr kaller rovdyrforliket en fallitterklæring
LES OGSÅ: Ommundsen: - Savner avklaring om ulv
LES OGSÅ: Bondelaget: Ser fram til færre rovdyr
LES OGSÅ: Landbruksministeren endelig fornøyd
LES OGSÅ: Naturvernere frykter for bjørnene












