Noreg er delt inn i åtte regionale forvaltningsområde for rovvilt. Nationen har prata med fire av dei åtte regionale leiarane.
Dei er i all hovudsak glade for at Stortinget har kome fram til eit sams vedtak.
I forliket står det at den regionale myndigheita i rovdyrforvaltninga skal styrkast. Arnfinn Nergård i rovviltforvaltninga i Hedmark er nøgd med dette.
— Nemndene har tidlegare vorte tillagt ansvar utan å få myndigheit. Dette har vore frustrerande, seier Nergård.
Les heile teksten i forliket her.
Han meiner forliket er eit steg i rett retning.
— Det er dei lokale og regionale nivået som veit korleis situasjonen er. Det er bra at dei som fattar vedtak om forvaltningsplanane no lettare kan forvalte vedtaka i høve til forvaltningsplanen, seier Nergård.
Konfliktdempande
I mange område er det store konfliktar mellom bønder og rovviltforvaltninga. Nergård er glad for at beitedyr har fått fortrinnsrett i såkalla grøne område.
— Eg trur dette vil dempe konfliktane me ser i område med rovdyr og beitenæring, seier Nergård.
Toril Melheim Strand, som leiar rovviltnemnda i Midt-Noreg er også «kjempeglad» for forliket.
— Det ser ut som det blir lettare å ta ut meir hannbjørn. For oss i Midt-Noreg er det viktig at reduksjonen i ynglingar kjem oss til gode, seier Melheim Strand.
I rovdyrfylket Oppland er også mottakinga av forliket positiv.
— Eg er glad for at alle partia er med på forliket. Sjølv om me ynskte oss individteljing av bjørn, og ikkje ynglingsteljing, er det no sett eit maksmål på 212 bjørn. Dette er bra, seier Reidun Gravdahl, leiar for nemnda i Oppland.
Meir bjørn i Nord-Noreg
Willy Ørnebakk, som leiar rovviltnemnda for Troms og Finnmark, er ikkje like positiv til forliket.
— Slik eg les forliket får vår region auka bjørnebestanden. Eg har store problem med å sjå at dette skal føre til mindre konfliktar, seier Ørnebekk.
LES OGSÅ: Reindriftsleder: - Våre dyr vil fortsatt bli drept
Han er også i tvil om nemndene får meir makt.
— Eg kan ikkje sjå at det blir lagt opp til styrka regional forvaltning, slik det står i dokumentet, seier Ørnebakk.
Han peikar på at Direktoratet for naturforvaltning (DN) framleis vil sitje med avgjerslemyndigheit når det trengst å gjera ekstraordinære uttak.
— I Troms og Finnmark har me dei siste åra hatt dobbel så stor jervebestand enn bestandsmålet. Dei siste fem åra har rovviltnemndene drøfta med DN korleis ekstra uttak skal skje. Me har opplevd at DN ikkje har fylgd tilrådingane våre, seier Ørnebakk.
Ingen kommentar frå DN
DN ville ikkje kommentere rovdyrforliket i går, og synte til Miljøverndepartementet for uttalar. Nationen lukkast heller ikkje å få kommentarar frå miljøvernminister Erik Solheim i går.
LES OGSÅ: Småbrukarlaget mener rovdyrforliket er positivt
LES OGSÅ: Bondelaget: Ser fram til færre rovdyr
LES OGSÅ: Foreningen Våre Rovdyr kaller rovdyrforliket en fallitterklæring












