Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
- Rovviltforliket i Stortinget er særs etterlengta og viktig for å dempe konfliktnivået i distrikta, seier leiaren i Bondelaget, Nils T. Bjørke. Foto: Scanpix

- Rovviltforliket i Stortinget er særs etterlengta og viktig for å dempe konfliktnivået i distrikta, seier leiaren i Bondelaget, Nils T. Bjørke. Foto: Scanpix

Bondelaget: Ser fram til færre rovdyr

- Vil dempe konfliktnivået, seier Bjørke

Publisert: 17.06.2011 12:44

Noregs Bondelag er nøgde med tydelege signal frå Stortinget om å stramme inn forvaltninga av rovdyrpolitikken, sjølv om dei hadde von om ein endå strammare politikk då alle partia på Stortinget i går vart samde om eit forlik.

 

Les heile teksten her.

 

- Rovviltforliket i Stortinget er særs etterlengta og viktig for å dempe konfliktnivået i distrikta, seier leiaren i Bondelaget, Nils T. Bjørke.

 

Likevel skulle han helst sett at talet på bjørn hadde vorte endå meir redusert, og at forvaltninga av grenseulven kunne skjedd utan å måtte forhandle med Sverige. Stortingspartia har bestemt at ein slik avtale skal på plass seinast i 2013.

 

- Me hadde vona på ein endå strammare politikk, seier Bjørke.

 

Krev at ny forvaltning kjem raskt i gang


Bondelagsleiaren seier Regjeringa må setje i verk tiltak og instruere apparatet for rovviltforvaltninga med ein gong.

 

- Beitesesongen har alt byrja. Det hastar med å setje den nye rovviltpolitikken om til handling slik at tap av beitedyr og dyrs lidingar blir redusert kraftig, seier Bjørke.

 

I forliket presiserer Stortinget bestandsmål for dei ulike rovdyrartane. Bestandsmåla er ikkje å sjå på som minimumstal, men eksakte tal. Bjørke meiner presiseringa Stortinget har gjort i forliket av kor mange rovdyr det skal vera i Noreg er særs viktig.

 

- Dette er eit særs tydeleg signal til Regjeringa om å stramme opp forvaltninga, seier Bjørke.

 

Meir regional forvaltning

 

Stortingspartia har gått inn for at dei åtte regionale rovviltnemndene skal få større myndigheit over forvaltninga. Dette meiner Bondelaget er positivt.

- Større påverknad på uttak av rovvilt som drep mange beitedyr har vore etterlyst mellom bønder som lev med rovdyra tett inn på seg, seier Bjørke.


Også Bondelagsleiaren i rovdyrfylket Hedmark er tilfredse med at lokal og regional forvaltning får større myndigheit.

 

- Dette er signal som kan skapa meir tillit mellom beitenæringa og forvaltnigna, seier Myki.

 

Han og kallar forliket eit steg i rett retning

- Forliket er ei klar betring når det gjeld jerv, gaupe og bjørn. Det er bra med eit klart tak på talet på bjørn, seier fylkesleiar Einar Myki.

 

Også han er skuffa over at det ikkje kom vedtak på bestandsmål for ulv i denne runden.

- Me skjønar at forvaltninga av ulv må skje i samarbeid med Sverige, og støttar dette. Me reknar med at endeleg bestandsmål for ulv er på plass innan 2013, seier Myki.

 

LES OGSÅ: Bjørke: - Foliket ser lovende ut

LES OGSÅ: Jakt på 52 hannbjørner i år

LES OGSÅ: Naturvernere frykter for bjørnene

LES OGSÅ: Landbruksministeren endelig fornøyd

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..