Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
SV og Kristin Halvorsen har størst framgang på Nationens junimåling. Foto: Scanpix

SV og Kristin Halvorsen har størst framgang på Nationens junimåling. Foto: Scanpix

SV går mest fram - Ap og V mest tilbake

Etter månader med fall går Framstegspartiet litt fram på Nationens junimåling. SV har størst framgang, medan Ap og Venstre går mest tilbake. Sp går tilbake 0,7, til 5,4 prosent.

Publisert: 11.06.2011 00:03
— Frp kan sjå ut til å stabilisere seg, seier valforskar Hanne Marthe Narud.

 

Framstegspartiet har fått mykje merksemd den siste veka. Tal presentert av TV 2 tysdag synte eit parti nede på 14,5 prosent oppslutnad, som er den lågaste for Frp sidan stortingsvalet i 2001. Målinga kom samstundes som det vart spekulert i om ryggbrotet til Siv Jensen ville setje henne ut av spel heilt til valkampen.

 

Junimålinga Norfakta har gjennomført for Nationen og Klassekampen syner eit anna bilete. Der får Frp 19,6 prosent oppslutnad, eit knapt prosentpoeng framgang frå førre månad. Den litle framgangen kjem etter månader med jamn tilbakegang for partiet på målinga til Norfakta.

 

SV går mest fram på målinga jamført med mai månad. Ap, Venstre og Sp går mest tilbake.

 

Oppgang frå april

 

Valforskar Hanne Marthe Narud ved Universitetet i Oslo seier framgangen for Frp er for marginal til å dra nokre konklusjonar, men påpeikar likevel at Frp på gjennomsnittsmålingane ser ut til å stabilisere seg.

 

— Partiet har gått jamt og trutt nedover frå jul og fram til no nyleg, men har ein liten oppgang frå april til mai. Same tendensen ser ein i målinga til Norfakta. Det vert spanande å sjå om juni-gjennomsnittet syner same tendens, seier Narud.

 

Ho meiner målingane som syner Frp nede på 14,5 prosent oppslutnad ikkje kan stemme.

 

— Det er for dramatisk til at det verkar rett.

 

Eitt mandat frå blått fleirtal

 

Ved eit stortingsval i dag, ville Frp og Høgre saman fått 84 representantar. Det er 13 fleire enn i dag og ein representant frå å ha fleirtal på Stortinget. Jamført med førre stortingsval får Frp med junitala 6 færre stortingsrepresentantar enn partiet har i dag, medan Høgre får 19 fleire. Høgre går også fram eit halvt prosentpoeng på junimålinga, til 27,2 prosent.

 

Høgre avgrensar vekst

 

Narud meiner framgangen Høgre har opplevd den siste tida, avgrensar vekstsjansane for Frp.

 

— Det er avgrensa kor mykje eitt av partia på høgresida kan vekse utan at det går ut over det andre, og det vi har sett den siste tida er at Høgre et veljarar frå Frp. Dei tek også veljarar frå andre, men flest frå Frp.

 

Ho avviser likevel ikkje at Frp kan reise seg att.

 

— Når valkampen kjem, vil det ha ein del å seie kven som klarer å setje dagsorden. Frp kan oppleve oppsving att. Samstundes er Høgre i siget, og det skal mykje til å snu framgangen Høgre har hatt over lang tid, seier Narud.

 

Frp-nestleiar Per Arne Olsen vil ikkje leggje for mykje i ei enkeltmåling. Likevel synest han det er hyggeleg å gå fram på ei måling etter det han omtalar som fleire veker med nedgang på gallupen og mykje diskusjon om andre ting enn politikk.

 

Trur på framgang

 

— Målingar er avhengige av augeblinksbilete, så for oss er det viktigare å sjå på trendar.

 

— Korleis vurderer de sjølve nedgangen til partiet det siste halve året?

 

— Vi har opplagt hatt ein negativ trend, men er framleis historisk sett på eit høgt nivå for Frp. Målet er å snu nedgangen til oppgang og eg ser lyst på månadene framfor oss når vi skal ut for å snakke politikk, seier Olsen.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..