Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
- Det er mogleg å halde fram åleine, men dette vil by på utfordringar, seier direktør i Landbrukets Arbeidsgiverorganisasjon, Nikolai A. Westlie. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

- Det er mogleg å halde fram åleine, men dette vil by på utfordringar, seier direktør i Landbrukets Arbeidsgiverorganisasjon, Nikolai A. Westlie. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Eit samla LA kan bli NHO-medlem

Landbrukets Arbeidsgiverorganisasjon kan slå fylgje med Tine inn i NHO når organisasjonen onsdag diskuterer framtida.

Publisert: 11.06.2011 00:01

Onsdag tek eigarmøtet i Landbrukets Arbeidsgiverorganisasjon (LA) stilling til moglege framtidsutsikter for organisasjonen når Tine SA går ut av LA og inn i NHO Mat og Bio.

 

I eit brev til medlemene skriv LA at «Å fortsette som en selvstendig arbeidsgiverforening gitt det ovennevnte scenario kan være et alternativ, men vil innebære betydelige utfordringer.»

 

Les også: LA går uviss tid i møte

 

Vil følge Tine

 

— Eigarmøtet skal seia ja eller nei til forhandlingar med NHO Mat og Bio. Blir det ja frå eigarmøtet, ynskjer me å gå i forhandlingar så fort som mogleg, seier direktør i LA, Nikolai A. Westlie.

 

Ein eventuell medlemskapsavtale må godkjennast av 2/3-fleirtal på ekstraordinær generalforsamling. Fleire LA-medlemer har signalisert at dei vil gå over til NHO om Tine gjer det. I tillegg til NHO Mat og Bio har LA vore i kontakt med SAMFO og Spekter.

 

— Me vil vita meir om kva medlemene våre tenkjer før me går vidare. Det er mogleg å halde fram åleine, men dette vil by på utfordringar.

 

Det er ikkje sikkert me vil kunne oppretthalde den same kompetansen og bemanninga om halvparten av LA går over til NHO, seier Westlie.

 

Bør stå saman

 

Norske Landbrukstenester (NLT), som organiserer 2200 tilsette, og dimed er den nest største organisasjonen i LA etter Tine, har i brev til medlemene sine tilrådd dei å røyste for at LA går inn i forhandlingar om medlemskap i NHO Mat og Bio.

 

— Etter at Tine i realiteten har avgjort å gå ut av LA, så er våre medlemer best tente med at me blir med i forhandlingane med Tine. Me vil stå sterkare samla enn om me skal forhandle åleine om medlemskap i NHO Mat og Bio seinare, seier styreleiar i NLT, Finn Hoff.

 

Han seier det er viktig å oppretthalde kompetansen i LA, og at dette kan skje ved å vera med i forhandlingsrunden no.

 

— Dei tenestene me har fått gjennom det gamle LA kan me framleis få med over i ein ny organisasjon, seier Hoff.

 

NLT har ikkje vurdert Spekter eller SAMFO som like aktuelle.

 

— Me meiner dei organisasjonane er mindre jordbruksorienterte. Spekter har ingenting med jordbruk å gjera. Om me skal halde oss i jordbruksfamilien, er NHO Mat og bio alternativet, seier Hoff.

 

Ole Martin Hegg i Frantz Hegg Gartneri representerer ein av dei mindre medlemene i LA og er ikkje like begeistra for tanken om å bli med i NHO.

 

— Som liten næring har me vore godt nøgd med LA. Det er kort veg til leiinga og alle kjenner alle, seier Hegg.

 

Han trur dei mindre medlemene fort kan bli borte i ein større organisasjon som NHO.

 

— Det er synd at ikkje landbruksnæringa kan halde saman, seier Hegg.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..