Tysdag føremiddag møttes partia på Stortinget til nye dragkampar om rovdyrpolitikken. Ifølgje rovdyrpolitisk talsperson Oskar Grimstad måtte dei gå frå møtet att utan å ha starta forhandlingar.
- Regjeringspartia står så langt frå kvarandre at dei ikkje makta å sende ut skissa som skulle liggje til grunn for forhandlingane, så møtet måtte avbrytast. Dette er nesten ikkje til å tru, seier Grimstad.
Han syner til at alle partia hadde lagt fram posisjonane sine før møtet.
- Planen var at regjeringspartia ut frå dei innsendte posisjonane skulle lage ei skisse som skulle liggje til grunn for forhandlingane. Denne skissa vart vi lova å få ved midnatt i går, men så fekk vi e-postar i føremiddag om at det ikkje gjekk, seier Grimstad som no i kveld sit og ventar på tilbakemelding frå regjeringspartia om kor vidt det vert mogleg å starte forhandlingar.
Forhandlingsleiar Eirin Sund (Ap) seier til NTB at ho er klar til å leggje fram ei skisse, men at denne må forankrast i raudgrøn leir fyrst.
- Eg må vere viss på at alle regjeringspartia kan stå inne for skissa og har bede om tilbakemelding innan klokka 17. Då kjem eg til å gje beskjed til dei andre partia, seier ho.
Like etter klokka 17 vart opposisjonspartia varsla om at tilbakemeldinga frå regjeringspartia skal kome klokka 17.45.
LES OGSÅ: Krever at landbruksminister Brekk handler
LES OGSÅ: Advokat og Høyre-politiker Bjørn Stordrange: - Rovdyrpolitikk truer landskapsvern
LES OGSÅ: Sauebønder aksjonerte mot rovdyr utenfor Stortinget
LES OGSÅ: Regjeringsutvalg fraråder ny type rovdyrerstatning
LES OGSÅ: Naturvernforbundet bekymret for nytt rovviltforlik











