Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
EU-parlamentarikarane Peter Simon (S&D) og Burkhard Balz (EPP) har stått i spissen for å få til endringar i direktivet. Foto: Eva Aalberg Undheim

EU-parlamentarikarane Peter Simon (S&D) og Burkhard Balz (EPP) har stått i spissen for å få til endringar i direktivet. Foto: Eva Aalberg Undheim

Noreg får støtte frå EU-parlamentet

Finanskomiteen i EU-parlamentet har gått inn for endringar i innskotsgarantidirektivet som kan sikre at Noreg får halde på dagens garanti. Men det står framleis att å overtyde finansrådet i EU.

Publisert: 24.05.2011 20:42

Med 34 mot 5 røyster gjekk finanskomiteen i EU-parlamentet tysdag ettermiddag inn for å endre innskotsgarantien til EU på ein slik måte at norske bankar får halde på dagens garanti.  

- No burde Noreg vere nøgd, seier den tyske parlamentarikaren og sosialdemokraten Peter Simon (S&D) til Nationen like etter avrøystinga.

Som saksordførar for endringane av bankinnskotsdirektivet i parlamentet, er det Simon som har stått i spissen for endringane som no er vedtekne av finanskomiteen. Det har han gjort saman med Burkhard Balz frå den kristendemokratiske grupperinga EPP. Saman har grupperingane S&D og EPP 450 medlemmar og fleirtal i EU-parlamentet.

Råkar berre Noreg

 EU har vedteke at alle EU- og EØS-land skal garantere for bankinnskot opp til 800 000 kroner per innskytar per bank. Direktivet inneber ei monaleg auke i innskotsgarantien i alle EU-land med unntak av Italia, som har ein tilsvarande garanti i dag.

For Noreg inneber det EØS-relevante direktivet derimot ein kraftig reduksjon av dagens innskotsgaranti på 2 millionar kroner.

Finansdepartementet i Noreg har sidan direktivet vart føreslege frå EU-kommisjonen i 2008 jobba aktivt opp mot EU-systemet for å få unntak for reglane.

 

Direktivet er no til revisjon og vert handsama parallelt i EU-parlamentet og i EUs finansråd, der alle finansministrane sit.

- No har vi sendt ei klar melding til Rådet om at vi ønskjer større fleksibilitet for medlemslanda når det gjeld innskotsgarantien. Og til Noreg er dette ei melding om at vi akseptere innskotsnivået landet har i dag, seier Simon.

- Hindrar konkurranseproblem

Endringsforslaget finanskomiteen vedtok held på at alle EU- og EØS-land skal ha ein felles innskotsgaranti, men opnar for at land som hadde ein høgare garanti då EU-direktivet tok til å gjelde skal få halde på dette.

 

I praksis gjeld dette siste berre Noreg.

- Kvifor har de teke omsyn til ein ikkje EU-medlem i utforminga av desse reglane?

 

- Det som er viktig for oss, er å unngå reglar som er konkurransevridande. No har vi funne ei løysing som gjer at det er mogleg for Noreg å oppretthalde dagens garantien samstundes som vi unngår konkurranseproblem mellom bankane dykkar og andre bankar i Europa. Kvifor skulle vi ikkje hjelpe Noreg då? spør Simon.  

Til fordel for alle

Parlamentarikar Burkhard Balz understrekar at endringane finanskomiteen no har gått inn for er til fordel for alle europeiske land.

- Dette er til fordel for bankinnskytarane i alle europeiske land, fordi dei vil få høgare minimumsgaranti. Samstundes kan ulike bankgrupperingar dra nytte av fleksibiliteten til å finne ulike løysingar, seier han.

- Vi meiner det opphavlege forslaget innebar ei så sterk harmonisering at det ikkje går saman med røynda. Skal vi få på plass eit felles system som verkeleg kan verke i alle dei ulike medlemslanda, så trengst det rom for manøvrering, seier han.

- Er ikkje i mål

Når finanskomiteen no har røysta for endringane, skal saka opp til plenumsvotering i EU- parlamentet. Det skal etter planen skje i starten av juli. Balz er heilt viss på å få med heile parlamentet på endringane finanskomiteen har vedteke.

- Finanskomiteen er ekspertane i denne saka, og i 95 prosent av tilfella følgjer plenum tilrådinga frå ekspertgruppa. Deretter må vi kome til semje med Rådet, seier han.

Finansministrane i EU-rådet har så langt ikkje klart å einast om saka. Saksordførar Peter Simon i EU-parlamentet vil ikkje spekulere i utfallet.

- I dag sender vi ei klar melding til Rådet og vi har ein sterk posisjon før forhandlingane med Rådet, så lat oss sjå korleis dette går, seier han.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre er også tydeleg på at saka ikkje er over enno.

- Vi er i tett dialog med EU for å finne ei løysing i innskotsdirektivsaka. Dette stadfestar også EU. Men vi er ikkje i mål, sa han etter å ha teke opp bankinnskotsdirektivet med EU-sida i EØS-rådet måndag.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..