I kjølvatnet av årets jordbruksoppgjer er det tilløp til anarkistiske tilstandar i fleire av lokallaga til Norges Bondelag i tunge jordbruksdistrikt.
I Vestfold har leiaren i Ramnes Bondelag, som har 184 medlemer, trekt seg i protest.
Måndag stiller Nils T. Bjørke til nettprat med lesarane på nationen.no om landbruksoppgjeret. Send inn spørsmål og kommentarar allereie no.
I Møre og Romsdal har leiaren i Rindal bondelag, der Sps statssekretær i Landbruksdepartementet stiller som ordførarkandidat til hausten, varsla at han trekkjer seg frå leiarvervet.
Og i Rogaland har Sandnes Bondelag, som har over 400 medlemer, sagt klart ifrå om at heile styret kollektivt legg ned verva og melder seg ut av Bondelaget.
— Kan ikkje stå inne for
Frustrasjonen etter årets jordbruksoppgjer er stor.
— Eg trekkjer meg som leiar både i protest mot at det blei inngått ein altfor dårleg avtale, men også ikkje minst fordi eg ikkje kan stå inne for resultatet. Årets oppgjer får ikkje ungdommen til å vilje satse på ei framtid i yrket, og det er alt for dårleg etter det partia sjølv sa på landsmøta, seier leiar Tore Simonset i Rindal Bondelag.
Han legg spesielt skulda på Ap, men han meiner Bondelaget skulle ha brote forhandlingane.
— Dei skulle ha brote forhandlingane. Sidan dei ikkje gjorde det, så vel eg å trekkje meg.
— Hjelper det å trekkje seg?
— Nei, kanskje ikkje, men eg føler ikkje eg kan stå inne for den utviklinga vi ser. Eg trur også Sp kunne vore betre tente med at Bondelaget hadde trekt seg, seier Simonset.
Han driv sjølv med mjølkeproduksjon i samdrift med 400.000 liter i kvote. Fjøset kosta 6 millionar kroner og dei har plass til å auke produksjonen, men han meiner økonomien er så svak at det ikkje vil svare seg.
Les også: Stoltenberg møtt av frustrerte bønder i Vågå
Leiar Marius Hundstuen Bøhle i Ramnes bondelag trekkjer seg også i protest.
— Etter landsmøtevedtaka hadde vi i år ein gylden sjanse til å få eit sårt etterlengta løft i inntektene. Vi burde ha tvinga fram minst 1,7 milliardar, som var minstekravet, eller ha brote, seier han.
— Ville sende kraftig signal
Sven Martin Håland i Sandnes Bondelag forsvarar at styret la ned verva og melde seg kollektivt ut av Bondelaget.
— Varselet hadde ein funksjon som eit kraftig signal etter statens tilbod. Eg meiner Bondelaget burde ha brote og vi ønskjer ei tøffare linje, men nå i ettertid vil vi ikkje oppmode fleire til å melde seg ut, seier han.
Storfebøndene er også opprørte, og styreleiar Erlend Røhnebæk i Tyr er svært misfornøgd.
— Vi har blitt rana av Bondelaget. Staten tilbaud 500 kroner per dyr i tilskot for dei som har mellom 50 og 75 ammekyr, men det blei tatt bort i forhandlingane. Storfekjøtt kjem dårleg ut i avtalen, medan produksjonar med høgare inntekter får meir. Det er provoserande, når vi samtidig veit at det er mangel på storfekjøtt, seier Røhnebæk, som også meiner Bondelaget burde ha brote forhandlingane med staten.
Bjørke skal ut på rundtur
Norges Bondelag opplyser at 51 medlemer har meldt seg ut i perioden 16. — 19. mai, og at under halvparten oppgir jordbruksoppgjeret som årsak. Leiar Nils T. Bjørke liker ikkje at fleire trekkjer seg.
— Avtalen er ikkje god nok, så eg forstår frustrasjonen. Lokallaga er grunnstammen vår. Det er synd at enkelte trekkjer seg, men det er eit frivillig verv. Vi vil ha ein dialog, seier Bjørke, som skal ut på rundtur neste veke for å møte frustrerte bønder på lokalplanet.
Les også: Tente på traktoren i protest
Bjørke vedgår også at storfebønder ikkje er blant dei som kjem best ut av årets oppgjer, men han meiner det var rett å fordele tilskota på fleire.
Måndag stiller Bjørke til nettprat med lesarane på nationen.no om landbruksoppgjeret. Send inn spørsmål og kommentarar allereie no.
Se sluttprotokollen fra jordbruksforhandlingene
Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten
Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket
SAMLESIDE: Alt om jordbruksoppgjøret












