Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
I dag startar forhandlingane om eit nytt rovdyrforlik. Foto: Scanpix

I dag startar forhandlingane om eit nytt rovdyrforlik. Foto: Scanpix

Håper på rovdyrforlik før sommarferien

Rovdyrforhandlingane startar i ettermiddag. Målet er å få eit breitt politisk forlik innan utgongen av juni.

Publisert: 19.05.2011 07:31
— Eg trur ikkje at dette vert enkelt, men det er eit godt utgangspunkt at alle er med så langt, seier forhandlingsleiar Eirin Sund. Foto: Haakon Barstad

— Eg trur ikkje at dette vert enkelt, men det er eit godt utgangspunkt at alle er med så langt, seier forhandlingsleiar Eirin Sund. Foto: Haakon Barstad

Fakta
Rovdyrforhandlingane

Partia på Stortinget har som mål å forhandle fram eitt breitt forlik om rovdyr før sommaren.


Forliket skal erstatte rovdyr-
forliket frå 2004 mellom SV, Ap,
Venstre, KrF og Høgre.


Under eit innleiande komitémøte førre veke, vart partane samde om rammene for forhandlingane.


Dei største usemjene i utgangspunktet dreier seg om bestanden for ulv og bjørn, og spørsmålet om nødvergerett for hund.

Under eitt innleiande møte i energi- og miljøkomiteen førre veke vart partane samde om rammene og agendaen for forhandlingane. Nationen er kjent med at partia fyrst og fremst skal ta stilling til bestandsovervaking og -registrering, konfliktdempande og konfliktførebyggjande tiltak og erstatningsordningane. Sentralt i forhandlingsramma står også spørsmåla om å flytte meir rovdyrmakt til lokalt forvaltingsnivå.


Forhandlingsleiar Eirin Sund frå Ap vil ikkje kommentere agendaen for forhandlingane, men ser det som ein god start at alle partia er samde om rammene.


— Eg er sjølvsagt spent, og trur ikkje at dette vert enkelt, men det er eit godt utgangspunkt at alle er med så langt, seier ho.


Vil redusere talet
Rovdyrpolitisk talsperson i Senterpartiet, Knut M. Olsen, er også spent på kva ettermiddagen byr på.
— Det vert eit spanande møte, fordi det er fyrste runde der vi går inn i realitetane, seier han.


— Ser du det som realistisk å få til eit forlik som inkluderer alle parti?


— Målet er å få til eit så breitt forlik som mogleg, og så vil forhandlingane syne om det går å få med alle partia, seier han.


Mest truleg er det bestandsmåla det vert vanskelegast å einast om, meiner han.


— Her er vi kjende med at det er store avstandar mellom partia i utgangspunktet, seier Olsen, som frå Senterpartiet si side tek til orde for å redusere talet rovdyr.


Også Framstegspartiet har argumentert sterkt for å redusere talet på rovdyr. I forliket frå 2004 vart bestandsmåla sette til tre årlege ynglingar av ulv og 15 årlege ynglingar av bjørn.


Rovdyrpolitisk talsperson i Frp, Oskar Grimstad, er oppteken av at nye bestandsmål skal inkluderer alle individ av ulv og bjørn, ikkje berre ynglande.


— Berre å telje ynglingar gjev eit skeivt bilete av dei reelle forholda. Vi er opptekne av å få ned rovdyrbestanden, og vil prioritere folka som bur i rovdyrutsette område framfor rovdyra, seier han.


Ønskjer å flytte makt
Det viktigaste punktet for Frp under forhandlingane vert likevel å få flytta meir av forvaltingsmakta i rovdyrpolitikken til lokalt nivå.


— Det er dei som vert ramma av rovdyrpolitikken som må vege tyngst, ikkje dei som berre har sterke meiningar om saka.


Høgre er partiet som vil gå mest drastisk til verks i å flytte rovdyrmakt til lokalt nivå. I tillegg til å gje lokale og regionale rovviltnemnder meir makt, vil partiet ta frå Direktoratet for naturforvalting (DN) og Statens naturoppsyn (SNO) avgjerdsmakt i rovdyrforvaltinga.

 

Grimstad i Frp meiner det er å gå langt.


— Vi ser at fagmiljøa ved DN og SNO er gode og vil at dei skal vere med, men vi meiner dei lokale nemndene skal ha det avgjerande ordet, seier han.


Venstre-leiar Trine Skei Grande vil ikkje kommentere forslaget til Høgre no, men seier ho går i dialog med alle. Sjølv er ho mest oppteken av å sjå på kor vidt erstatningsordningar kan vere med å minke konfliktnivået i rovdyrpolitikken.


— Eg ventar at alle partar er innstilte på å få til eit breitt forlik, seier ho.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..