Reaksjonane på statens tilbod i jordbruksoppgjerdet er mange og harde.
Ei av sakene som provoserer er forslaget frå finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) om å heve trygdeavgifta for næringsinntekt i jordbruk og skogbruk med 3,2 prosentpoeng.
Intensjonen er å kompensere med auka tilskot og jordbruksfrådrag, men langt frå alle som blir ramma av skatteskjerpinga vil få nytte av kompensasjonen.
Skogbruket fryktar at forslaget vil gi næringa opp mot 30 millionar kroner i auka skatt. Ein kompensasjon i form av auka jordbruksfrådrag vil dei sjå lite til.
EKSTERN LENKE: Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten
EKSTERN LENKE: Sjekk ut hele tilbudet fra staten
EKSTERN LENKE: Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket
Får ikkje frådrag
— Reine skogeigedommar, som står for tre fjerdedelar av avverkinga, får ikkje jordbruksfrådrag. Auka trygdeavgift gir ei skatteskjerping på 3,2 prosentpoeng. Det er alvorleg, og vi har alt i dag høgare skatt enn skognæringa i Sverige og Finland, seier næringspolitisk sjef Gaute Nøkleholm i organisasjonen Norskog.
Han fryktar konsekvensen av auka trygdeavgift vil bli redusert hogst, noko han meiner er dårleg miljøpolitikk.
— Konsekvensen av forslaget vil bli redusert avverking. Det vil også ramme treindustrien, og staten vil sjølv gå glipp av skatteinntekter gjennom heile verdikjeda. Signaleffekten til skogbruket er svært dårleg. I ei tid der andre land etterspør meir trefiber og bioenergi, er eg svært forundra over at Norge som miljønasjon går baklengs inn i framtida, seier Nøkleholm og meiner det er eit skot i foten for regjeringa eigne mål om å auke hogsten.
Uklar kompensasjon
I eit brev til landbruksministeren skriv finansminister Sigbjørn Johnsen at auken i trygdeavgifta for jordbruk og skogbruk skal kompenserast med 120 millionar kroner i auka jordbruksfrådrag og 130 millionar kroner i auka tilskot. Målet er at endringa totalt sett skal gå i null.
— Kan det ikkje vere at skogbruksnæringa også vil bli kompensert med tilskot?
— Det veit vi ikkje, men det er uansett ei ordning vi ikkje vil ha. Redusert trygdeavgift er ei langt meir stabil ordning med direkte effekt. Tilskot er avhengig av politisk situasjon, seier Nøkleholm.
Også Norges Skogeierforbund er bekymra for at forslaget vil bli gi næringa auka skatt.
Næringspolitisk talsmann Svein Flåtten i Høgre fryktar forslaget vil slå skeivt ut og ramme blant andre skogeigarane.
— Eit slikt forslag bidrar iallfall ikkje til å auke bruken av bioenergi, og er slik sett også ein skatt på miljøvenleg energi, seier han.
Flåtten stiller også spørsmål ved kvifor forslaget kjem nå, og om det er ein måte å finansiere tilbodet i jordbruksoppgjeret på.
— Er Høgre imot at jord- og skogbruk får same trygdeavgift som øvrig næringsliv?
— Det er ein annan diskusjon, men i så tilfelle så bør det skje på ein annan måte, seier han.
Finansdepartementet avstod frå å kommentere saka i går. Næringspolitisk talsmann Terje Lien Aasland i Ap seier at han ikkje kjenner detaljane i forslaget, men han trur det må gå an å finne ei fornuftig løysing slik at skognæringa ikkje blir hardt ramma.
LES OGSÅ: Bønder aksjonerte i rundkjøring
LES OGSÅ: Fylkestoppar i Sp forsvarar statens tilbod i jordbruksoppgjeret
LES OGSÅ: Fordeler og ulemper ved å bryte
LES OGSÅ: Melkebonde mener yrket hans er utdøende
LES OGSÅ: Sandnes bondelag trugar med kollektiv utmelding
LES OGSÅ: Strid om auka kostnader bak bondeinntekt
LES OGSÅ: Slik slår statens tilbod ut på målprisar og tilskot
LES OGSÅ: Vil auke trygdeavgifta for bønder med 200 mill.
LES OGSÅ: Oikos passe nøgd med tilbodet frå staten
LES OGSÅ: Tidligere jordbruksoppgjør i bilder
LES OGSÅ: Bøndene har aldri måtte vente så lenge på tilbodet











