Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
Illustrasjonsfoto: Scanpix

Illustrasjonsfoto: Scanpix

Her er bøndenes fordelar og ulemper ved å bryte med staten

Slik ser scenarioa ut ved ulike utfall av jordbruksoppgjeret.

Publisert: 13.05.2011 09:49

Onsdag kom statens tilbod til bøndene i årets jordbruksoppgjer.

 

Stor frustrasjon og sinne i bondeleiren bidrar til at bondeorganisasjonane fortsatt ikkje har bestemt seg om dei vil gå i forhandlingar med staten eller ikkje.

 

Professor Reidar Almås på Bygdeforskning trekkjer opp ulike scenario etter kva utfallet av årets jordbruksoppgjer blir.

 

I tilfelle bøndene bryt:

- Blir det brot i forhandlingane, uansett tidspunkt, så er det opningstilbodet som blir ståande. Saka blir då sendt til Stortinget. Der vil fleirtalet vedta ramma på ein milliard kroner som staten la fram i opningstilbodet, seier Almås til Nationen.no.

 

Han seier at det så vidt han veit aldri har skjedd at fleirtalet på Stortinget har endra på ramma.

 

Kan justere innretning, ikkje totalbeløp

Almås ser derimot ikkje bort ifrå at Stortinget kan gjere justeringar på innretning og fordeling av dei litt over 300 millionar kronene i frisk budsjettstøtte.

 

- Skulle ramma i opningstilbodet bli endra på Stortinget, så ville det vere eit politisk jordskjelv, seier Almås.

 

I tilfelle det blir avtale:

- Blir bondeorganisasjonane einige med staten om ein avtale, så blir den vedtatt av Stortinget. Det same gjeld dersom berre ein av organisasjonane inngår avtale. Så lenge det berre er ein av organisasjonane som bryt, så er det kostnadsfritt. Og det får ingen konsekvensar for verken medlemer eller landbrukspolitikken, seier Almås.

 

Fordelar og ulemper ved å forhandle

Fordelen med å forhandle er at ein vanlegvis kan vente seg ein forhandlingsgevinst på 200 til 300 millionar kroner, ifølgje Almås.

 

I årets oppgjer betyrt det at totalbeløpet kan ende på rundt 1,3 milliardar kroner.

 

- Kan få gjennomslag for viktige prinsipp

Den viktigaste fordelen meiner Almås derimot kan vere at bondeorganisasjonane kan få ein prinsipputtale om styrka toll på ost ved å gå over i frå krone- til prosenttoll, i tillegg til gjennomslag for eit prinsipp om eit låginntektstillegg.

 

- Begge delar vil kunne ha stor effekt for framtida, seier Almås.

 

- Oppstår eit truverdsproblem

Den viktigaste ulempa kan vere er at bondeorganisasjonane blir medansvarlege for utviklinga i landbruket.

 

- Ved ei forhandlingsløysing så oppstår det eit truverdsproblem sidan det er så stor avstand til det opphavelege kravet, seier Almås.

 

Langtidseffekten av eit brot er uklar.

 

Se hele tilbudet fra staten

 

Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten

 

Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket

 

SAMLESIDE: Alt om jordbruksoppgjøret

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..