Sjølv om fleire fylkesleiarar i Sp seier dei er skuffa over at tilbodet ikkje er høgare, er det få om nokon på Nationens ringerunde som vil rette kritikk mot nokon i kjølvatnet av framlegginga av statens tilbod i jordbruksoppgjeret.
— Sluttresultatet avgjer
Tilbodet har vekt sterke reaksjonar i bondekrinsar, deriblant i Trøndelag, men sjølv ikkje i landbruksfylke Nord-Trøndelag vil Sp gå hardt ut mot opningstilbodet.
— Det viktigaste er kva som blir resultatet til slutt, etter forhandlingar. Jordbruket er i ein krevjande situasjon. Tilbodet gir ikkje eit svar på den situasjonen, men vi får tru at sluttresultatet vil gjere det, seier leiar Bjørn Arild Gram i Nord-Trøndelag Sp.
— Så du er ikkje skuffa?
— Eg har ikkje behov for å karakterisere tilbodet.
— Er du nøgd med Sps gjennomslag i regjeringa i lys av tilbodet som blei lagt fram?
— Sluttresultatet vil vise kor stort gjennomslaget er. Eg trur folk veit kva retning Sp drar i. Landsmøtevedtaket i Ap seier lite om inntekt, og når det er kroner det handlar om er Sp åleine. Sterkare oppslutning om Sp ville gitt større gjennomslag, seier Gram.
Han vil ikkje delta i ein diskusjon om Sp kunne ha truga med å trekkje seg frå regjeringa om resultatet av jordbruksoppgjeret blei for dårleg, men han seier at jordbruket er svært viktig for Sp.
EKSTERN LENKE: Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten
EKSTERN LENKE: Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket
Også leiar Per Inge Bjerknes i Østfold Sp er opptatt av at bondeorganisasjonane vil ha meir å hente på å forhandle.
— Eg har forståing for ønska om eit betre tilbod, men det er det høgaste tilbodet på fleire år og Sp har stått på i regjering. Som eit sluttresultat ville ikkje summen vere bra nok, men det er eit forhandlingsutspel, seier Bjerknes.
— Basert på vilkåra i kravet, gir tilbodet inntektsnedgang?
— Eg forstår at partane ikkje er einige om fakta. Derfor er det iallfall grunn til å setje seg ned og forhandle. Det vil vere uakseptabelt for Sp å vere med på ein lønnsnedgang i jordbruket, seier han.
—Ikkje Sp det står på
Leiar Ivar Odnes i Oppland Sp seier at Sp har jobba hardt og at det er vanskeleg å gå inn i ein diskusjon rundt talgrunnlaget. Han vedgår at forventingane var høge etter landsmøtevedtaka, men at det iallfall ikkje er Sp det står på.
— Er tilbodet til å leve med?
— Vi skulle gjerne sett at det var betre, men ein må også tenkje på kva som er alternativet. Frp vil kutte i overføringane, og Høgre har heller ikkje sagt at dei vil bidra med særleg. Dagens regjering er den beste næringa kan ha.
— Skal det vere ei slags trøyst?
— Nei, for bøndene er det ikkje det, men det er iallfall ein realitet, seier Odnes.
Leiar Arne Bergsvåg i det tunge jordbruksfylke Rogaland seier han håper partane set seg ned ved forhandlingsbordet.
— I utgangspunktet har vi ikkje så sterke meiningar om tilbodet. Det er resultatet som er viktigast, men skulle det vere noko så tar vi det heller internt, seier han.
Leiar Karen Marie Hjelmeseter i Sp-leiar Navarsetes heimfylke, Sogn og Fjordane, er blant dei få som seier seg skuffa.
— Tilbodet er ikkje godt nok, men det er likevel eit grunnlag til å forhandle på. Og sjølv om ein er skuffa, så trur eg vi må innsjå at det ikkje ville vore betre utan Sp i regjering. Dessutan kan vi ikkje truge med å trekkje oss frå regjeringa heile tida, seier ho.
LES OGSÅ: Sandnes bondelag trugar med kollektiv utmelding
LES OGSÅ: Strid om auka kostnader bak bondeinntekt
LES OGSÅ: Slik slår statens tilbod ut på målprisar og tilskot
LES OGSÅ: Vil auke trygdeavgifta for bønder med 200 mill.
LES OGSÅ: Oikos passe nøgd med tilbodet frå staten
LES OGSÅ: Tidligere jordbruksoppgjør i bilder
LES OGSÅ: Bøndene har aldri måtte vente så lenge på tilbodet












