Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
Forhandlingsleder Leif Forsell (t.h.) overrekker Statens tilbud i årets jordbruksoppgjør onsdag til leder Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukerlag (t.v.), og leder Nils T. Bjørke i Norges Bondelag (i midten).
Foto: Morten Holm / Scanpix

Forhandlingsleder Leif Forsell (t.h.) overrekker Statens tilbud i årets jordbruksoppgjør onsdag til leder Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukerlag (t.v.), og leder Nils T. Bjørke i Norges Bondelag (i midten). Foto: Morten Holm / Scanpix

Strid om auka kostnader bak bondeinntekt

Tilbodet, som gir inntektsnedgang etter jordbrukets utrekning, gir 17.000 kroner per årsverk i oppgang, ifølgje staten. Strid om kostnader og etterslep skaper gnissingar.

Publisert: 12.05.2011 00:01
Fakta
Jordbruksoppgjeret

•Staten la onsdag fram eit opningstilbod på  ein milliard kroner, noko som skal gi 17.000 kroner i inntektsvekst per årsverk.

 

• 535 millionar kroner er målprisauke, 315  millionar kroner er auka budsjettstøtte, 60 millionar kroner er ubrukte midler frå i fjor og 90 millionar er verknaden av jordbruksfrådraget.

 

• Kravet var på 36.000 kroner og dekking av kostnader og etterslep på over ein milliard kroner.

Staten la onsdag fram eit tilbod med ei totalramme på 1 milliard kroner i årets jordbruksoppgjer.

 

Tilbodet står i skarp kontrast til bondekravet på 2,6 milliardar kroner, og det er også langt mindre enn dei 1,7 milliardane som Småbrukarlaget og dels Bondelaget har sagt må til for at bøndene ikkje skal sakke ytterlegare akterut samanlikna med andre grupper.

 

 

Vidt ulikt syn på tilbodet

Partane har svært ulik oppfatning av tilbodet.

 

— Tilbodet er svært godt, og under denne regjeringa har det vore ein historisk god inntektsvekst i jordbruket, sa statens forhandlingsleiar Leif Forsell.

 

— Tilbodet viser at staten ikkje tek situasjonen i jordbruket på alvor. At staten framleis reknar inntektsutviklinga i prosent, er svært skuffande. Og at dei ser etterslepet i samanheng med åra heilt tilbake til 2006, er provoserande, seier leiar Nils T. Bjørke i Bondelaget.

 

— Tilbodet er ein provokasjon. Regjeringa leverer ikkje varene, og å framstille det som eit historisk inntektsløft er totalt feil, seier leiar Merete Furuberg i Småbrukarlaget.

 

 

Strid om kostnadsvekst

Bak det splitta synet på tilbodet ligg ulikt syn på kostnadsutviklinga i jordbruket framover.

 

Medan bondeorganisasjonane rekna kostnadsveksten og etterslepet åleine til over ein milliard kroner, så har statens nedjustert kostnadsanslaget.

 

Samtidig slår dei saman alle åra tilbake til 2006 når dei skal rekne ut om det er eit etterslep. Samla sett, med statens utrekningsgrep og føresetnader i botn, vil tilbodet gi bøndene eit auka inntektspotensial på 17.000 kroner per årsverk.

 

— Ut frå våre utrekningar tilbyr staten reelt sett ein inntektsnedgang, seier Furuberg.

 

Bjørke vil derimot ikkje konkludere på ståande fot og seier at dei vil rekne på tilbodet først.

 

Forsell seier på si side at kostnadsveksten som er lagt inn i tilbodet verkar sannsynleg.

 

— På olje og gjødsel vurderer vi at sjansen for prisnedgang er større enn oppgang, seier han.

 

Bondeorganisasjonane vurderer nå om dei skal bryte med staten, eller om tilbodet er bra nok til å gå i forhandlingar på.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Amerikanerne blir feitere og feitere

    Amerikanerne blir feitere og feitere

    36 prosent av voksne amerikanere er i dag ekstremt overvektige, og i 2013 vil andelen ha økt til 42 prosent, advarer forskere.

  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..